På veg inn i faresona

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er under tre år sidan sist, men no er kanskje matvarekrisa her igjen. «Vi er på veg inn i faresona», åtvara Abdolreza Abbassian i The Financial Times 5. januar. Sjeføkonomen i FAO, mat- og landbruksorganisasjonen til FN, slo fast at den samla prisen aldri har vore høgare enn sist desember på dei seks basisvarene som FAO nyttar som målestav. Indeksen til FAO kom i bruk i 1990. Prisane på sukker, matolje og kveite er særleg høge. Rett nok er rekorden i nominelle prisar, altså ikkje justert for inflasjon, men 25 prosent prisauke på eit år er likevel ein svært rask oppgang.

Den førre matprisrekorden FAO noterte, vart sett i juni 2008, på slutten av ein periode da dei høge matprisane førte til opptøyar i over tretti land. No kan historia vere i ferd med å gjenta seg. «Verda står overfor eit prissjokk på mat. Om dette varer ved, kan det føre til ei matvarekrise», uttala Abbassian. Men så langt er heldigvis prisen på ris, den aller viktigaste vara, berre det halve av 2008-nivået.

Uvêr og uår
Denne gongen har etter alt å døme vêret meir av skulda for prishoppet enn tilfellet var for tre år sidan. Det siste halvåret har enorme mengder mat blitt øydelagde av ekstreme vêrforhold rundt i verda, noko som har drive opp matprisane på verdsmarknaden. Det siste dømet er den pågåande flaumen i Australia, som kjem til å rasere store avlingar i eit av verdas viktigaste eksportland for jordbruksvarer. Men også i fjor var det ein elendig haust mange stader i verda: Tørke og ekstrem varme raserte mykje av kornhausten i Russland og Ukraina, og båe landa innførte eksportavgrensingar. Storflaumen i Pakistan øydela rishausten der, og Canada fekk kveitehausten redusert med 20 prosent grunna særs mykje regn. No er kveiteprisen ifølgje FAO 40 prosent høgare enn for eitt år sidan.

Fryktar tørke
Abdolreza Abbassian utelukkar ikkje at pristoppen på verdsmarknaden allereie kan vere passert for denne gongen. Men det er langt frå sikkert, understrekar han: «Så uvanleg som vêret har arta seg, ville eg ikkje vedde på det.»
Det handlar ikkje berre om den katastrofale flaumen i Australia nett no. Ei anna uvisse er knytt til korleis hausten blir i det viktige jordbrukslandet Argentina. Det er for tida ein svært tørr sommar i Argentina, og dette kan skade dei komande avlingane. Dermed stig prisane på mais og soyabønner nervøst på råvarebørsen i Chicago, og traderane held blikket stivt festa på dei argentinske vêrmeldingane. Om noko går gale med avlingane i Sør-Amerika, kan matprisane i verda halde fram med å stige.

Sinne i gatene
Den siste prisauken på matvarer har kome svært raskt. Berre frå juni til desember i fjor steig matvareindeksen til FAO med 32 prosent. Så langt i vinter har ikkje verda opplevd sosial uro av same omfang som under matkrisa for tre år sidan. Men sinnet over prishoppa på mat har blussa opp og ført til gatedemonstrasjonar somme stader.

TEMA: Les siste utanriksnytt!

I Tunisia har minst 23 menneske mista livet under demonstrasjonar mot blant anna høge matprisar dei siste vekene, melder BBC. Dei fleste er drepne av politiet som har skote med skarpt mot demonstrantane. I hovudstaden Tunis er det no portforbod på kvelden. Også i Algerie har fire demonstrantar mista livet denne veka. I Mozambique var det store protestar mot brødprisen alt i september i fjor, og i India varslar det største opposisjonspartiet ein serie gatedemonstrasjonar mot dyr mat: I fjor steig matprisane med kring 18 prosent i India, langt meir enn den generelle inflasjonen. Slik prisauke svir for dei fattige.

Normal krise
Sjølv om ekstremvêret i mange land er ein viktig grunn til dei høge matprisane no, ligg det òg strukturelle og økonomiske årsaker bak. Til ein viss grad kan det hevdast at finanskrisa hausten 2008 var det som mellombels fekk ein slutt på matkrisa. Når verdsøkonomien no blir «normalisert», vender matkrisa attende.

Samanhengen er slik: Finanskrisa førte til eit prisras på blant anna olje, den viktigaste innsatsfaktoren i industrilandbruket. Når oljeprisen brått fall frå 150 dollar fatet til 40 dollar fatet, vart det mykje billegare å produsere mat. I mange land stogga òg den raske forbruksveksten opp under finanskrisa, og etterspurnaden etter dyrare, meir ressurskrevjande mat som kjøt vart mellombels redusert. Ikkje minst punkterte finanskrisa ein god del spekulative prisbobler, også for matvarer.

Spekulantane på verdsmarknaden er eit viktig element i spelet om matvareprisane. Matvarer har blitt eit attrativt spekulasjonsobjekt dei siste åra og kan handlast via avanserte finansinstrument, til dømes på råvarebørsen i Chicago. Det er ikkje fysiske matvarer det blir handla med, men mellom anna kontraktar om framtidig levering av varer på gjevne tidspunkt – såkalla «futures». Spekulasjonen fører neppe til høgare prisar på lang sikt, men kan gje ekstreme prisutslag når det er uro i marknaden.

LES OGSÅ: Kvifor er eple frå Argentina billeggare enn eple plukka i nabobygda di?

Eit døme på det kom da Russland i august i fjor forbaud eksport av korn på grunn av den ekstreme tørken. Prisen på somme av kornkontraktane steig med seksti prosent frå ein dag til den neste. Land som skal sikre korn til befolkninga si, blir i slike tilfelle stilt overfor ei alvorleg klemme: Må dei sikre seg og kjøpe trass i skyhøge prisar, eller skal dei gamble på prisnedgang?

Varig dyrt
Med og utan spekulasjon, matprisane kjem heilt sikkert til å svinge mykje også i åra som kjem. Men ei rekkje argument talar for at høge matvareprisar vil bli regelen heller enn unnataket:

– Om klimaforskarane har rett, kjem ustabile vêrforhold med ekstreme utslag til å bli vanlegare i framtida. Om det stemmer, vil avlingane i verda ofte bli reduserte.
– Folketalsveksten i verda kjem til å halde fram i fleire tiår. I år passererer folketalet i verda sju milliardar menneske, og det er venta at vi blir ti milliardar før 2050.
– I Kina, India og mange andre land i sør fører velstandsveksten til at folk vil etterspørje meir kjøt, noko som òg driv opp kornprisane. Eit proteinrikt kosthald som det vestlege er langt meir ressurskrevjande enn eit ris- og grønsak­basert kosthald.
– Oljen, den viktigaste rå­­vara også for landbruket, kjem neppe til å bli verkeleg billeg att. Til det er det for lite lettutvinneleg olje att i verda. Og høg oljepris driv opp matvareprisane.
– Høge oljeprisar driv òg opp etterspurnaden etter biodrivstoff, som alt no legg beslag på mykje matjord. I USA går allereie store delar av maisproduksjonen til bioetanolproduksjon, og det var ei viktig årsak til prishoppet på mais som skapte «tortillaopprøret» i Mexico for tre år sidan.

Likevel: Desse faktorane treng ikkje føre til vedvarande matmangel. Framleis finst det mykje jord som kan dyrkast opp i verda. Og ikkje minst kan den dyrkajorda som finst, utnyttast langt meir effektivt enn i dag. Jorda kan fø oss alle – om det finst politisk vilje til det, vel å merkje.

Marknaden åleine vil ikkje ordne den biffen.

LES SAK I DAG OG TID!