– Ville ikkje ha Siv Jensen backstage

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kasta ut Siv Jensen

Frp-politikar Siv Jensen fekk ein heller brå slutt på konsertkvelden etter å ha sett Timbuktu (35) opptre i Hemsedal torsdag kveld, skriv Dagbladet.no.

Då den svenske rapparen hadde avslutta konserten på utestaden Hemsen, bar det vidare til nachspiel bak scenen.

Den parlamentariske leiaren i Framstegspartiet ville også gjerne vera med.

Kjelde for Dagbladets opplysningar er nettstaden 730.no.

Ifølgje nettstaden skal Jensen, som tidlegare i romjula også var til stades på konsertane til rapparane Vinni frå Paperboys og Jesse Jones, møtt opp med Terje Schrøder (47), frå «Great Garlic Girls», for å ta del i moroa.

Men då hadde ho ikkje rekna med Timbuktu. Den svenske rapparen reagerte med å kaste ut både Siv Jensen og følgjet hennar frå nachspielet sitt.

Timbuktu skriv sjølv om hendinga på heimesida si.

– Eg vart fortalt at det kunne vera folk frå Framstegspartiet i garderoben min, og etter å ha spurt nokre vener om det var tilfelle, peika dei ut Siv Jensen og følgjet hennar.

Heilt roleg bad eg så ei vakt om å be desse personane forlate lokalet, skriv rapparen.

Timbuktu, eller Jason Diakité som han eigentleg heiter, er så sterkt imot Frps politikk at han ikkje ville ha henne der.

– Ikkje at dei var rusa eller oppførte seg dårleg, men av den enkle grunn at eg på ingen måte representerer den politikken Frp og Siv Jensen står for. Eg er sjølv eit produkt av eit fleirkulturelt samfunn, og eg er trygg i mi tru om menneskeleg likeverd uavhengig av rase, religion eller seksuell legning, skriv han vidare.

TEMA: Les siste musikk-nytt her!

På direkte spørsmål frå Dagbladet, nektar Siv Jensen for å ha vorte utkasta.

– Eg hadde det triveleg på konserten og gjekk heim før stengetid, seier partileiaren til Dagbladet.

Også «Great Garlic Girls»-Schrøder avviser blankt at dei to vart kasta ut.

– Dette er berre tull og sprøyt alt saman. Vi var i Hemsedal og hadde det kjempehyggeleg, og gjekk heim rundt stengetid, seier han.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!