Opnar for polferder på Finse
Å oppleva Amundsen sin Sørpolekspedisjon kan verta mogeleg på Finse.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I 2011 er det hundre år sidan Roald Amundsen sin ekspedisjon nådde fram til Sørpolpunktet. Det er bakgrunnen for at firmaet Your Way ved Harald Kippenes ynskjer å etablera eit opplevingstilbod på Finse.
Plassert på sledar
Ein enkel hyttekonstruksjon skal plasserast på vestsida av Finsevatn. Hytta som er plassert ut på sledar, skal gje inntrykk av å vera Roald Amundsen sitt vinterkvarter. Hit ynskjer tilbydaren å føra skigåarar, som skal få eit inntrykk av korleis det var å delta på Sørpolekspedisjonen.
Tre månader
Formannskapet i Ulvik har gjeve løyve til plasseringa, i form av ein mellombels dispensasjon frå reguleringsplanen. Løyvet gjeld frå årsskiftet og fram til 1. april. Innan den tid skal tomta ryddast og alt utstyr fjernast, ifylgje vedtaket.