Idretten mistar taket på unge

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på ungdommar som sluttar i idrettslag er aukande. Størst fråfall er det mellom 13 og 16 år, men fråfallet mellom 18- og 19-åringane aukar mest. Dette viser ferske tal frå Norges Idrettsforbund.

Anja Rynning Veum, utviklingssjef i Noregs Idrettforbund, seier dei tek situasjonen på alvor.

– Me synst dette er synd. Tala er eit varsku om at noko må gjerast, og me jobbar no med å motverka denne utviklinga, seier ho til Framtida.no.

Konkurransefokus
– Akkurat no arbeider me for å få til ei betre trenarutdanning og å gjera det mogleg for fleire å delta utan så mykje spissing. Til dømes med berre eit par treningar i veka. Ein arbeider også med å laga ulike opplegg for korleis ein konkurrerer. Det er ikkje sikkert alle kjenner seg heime i ein serie, for nokon passar det kanskje betre med ein cup nokre helgar i året, fortel Veum.

Fram til og med 12 år gjeld barneidrettsreglane. Etter dette byrjar fleire idrettar å spissa.

Arbeidet med å halda på ungdommane skjer mest i særforbunda. Nokre forbund lukkast meir enn andre.

– Cheerleading er ein idrett med vekst, og er også ikkje så prega av konkurranse som andre idrettsgreiner, poengterer Anja Rynning Veum.

Vekst på treningssenter
Medan ungdom fell frå idretten, opplever treningssentera ein stor vekst. Medlemsmassen til Elixia-kjeden er auka frå 75.000 til 160.000 medlemmar på fire år. Ifølgje dn.no er selskapet no verdt to milliardar kroner. Sats oppgjev at det har i overkant av 100.000 medlemmar i Noreg. I tillegg kjem ei rekkje andre senter. Det siste nye er fleire ”lågpris”-treningssenterkjeder.

– Det er bra at folk er aktive, også utanom idretsslaga. Men me meiner idretten har andre kvalitetar enn berre treninga. Det er ein stor forskjell på det å vera kunde i forhold til å vera medlem. Som medlem følgjer det også nokre plikter med, men det kostar mindre og har også andre verdiar. Det er meir sosial tilhørsle i idretten, seier Veum.

Kva trur du skal til for at idretten skal klara å halda på dei unge medlemmane sine? Er det for mykje konkurransefokus i idretten?