Tilbyr SFO for eldre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kreativiteten var stor då 27 tiandeklassingar frå Tysvær og Vindafjord utarbeidde sin eigen forretningsidé. Det mest originale forslaget gjekk ut på å tilby ei SFO-ordning for eldre.

Det var Eline Ohm frå Skjold skule som kom på ideen.

— Eg har merka det på bestemor mi som har heimehjelp at pleiarane brukar alt for lite tid på ho, fortel Ohm som er personalsjef i «Senior Kvalitetstid EB».

Dagleg leiar Julianne Torvund frå Frakkagjerd ungdomsskole i Tysvær utdjupar forretningskonseptet.

— Pleiarane har ikkje tid til å snakka med dei eldre, og me vil derfor tilby ei slags fadderordning for dei som kan gi dei kvalitetstid og eit allsidig aktivitetstilbod. Det blir nesten som ei SFO-ordning, forklarar Torvund.

Godt innblikk
Mens andre tiandeklassingar sist veke var utplassert i bedrifter, var 27 av dei frå skulane i Ølen, Skjold og Frakkagjerd samla til «alternativ til jobb»-dagar på Tysværtunet. Opplegget var ein del av faget Utdanningsval som både Haugalandet Skole – Arbeidsliv og Ungt Entreprenørskap er engasjert i.

— På ein måte får elevane med å vera her meir innblikk i kva det vil seia å driva ei bedrift framfor å vera utplassert i ei bedrift, seier Tone Skagland Skarstein som er rådgivar i Haugalandet Skole – Arbeidsliv.

Her fekk dei møta gründeren Sigmund Lunde som er styreleiar og største eigar av ølensvågbedrifta Omega, og læra om kva ein gründer er.

Eigne idear
Seinare blei dei inndelt i sju grupper for å utarbeida sin eigen forretningsidé, skriva ein kort forretningsplan, marknads- og kostnadsplan, laga logo og forslag til nettside og laga ein kreativ reklamesnutt for radio eller tv.

— Dei har komme fram til ideane sine heilt sjølv, men me hjelpte dei litt med å sila ut dei gode ideane blant alle forslaga som kom opp, fortel Trine Skogland Bjerga som er rådgivar i Ungt Entreprenørskap Rogaland.

Mange av gruppene valte å lansera nye elektroniske hjelpemiddel, og produktet «FinWin» skal brukast til å spora alle flyttbare ting ved hjelp av GPS.

Beste forretningsidé
— Ein chip blir festa på tingen som ein vil ha kontroll på, og viss tingen då forsvinn, kan han sporast opp ved hjelp av GPS, forklarar Oda Marie Nesheim frå Skjold skule som er dagleg leiar i elevbedrifta.

Nokon av dei andre kreative forretningsideane gjekk på forslag om treningsutstyr som produserer energi, fingeravtrykk som betalingsmiddel og ei pumpe som forsyner malingskosten med maling slik at ein slepp å dyppa han.

«Senior Kvalitetstid EB» med aktivitetstilbodet for eldre vann prisen for beste forretningsidé, mens det var «Lys Fremtid EB» med Bjørg Irene D. Frøland og Eivin Krakk frå Skjold skule som gjekk av med sigeren for beste totalkonsept. Bedrifta ville selja treningsutstyr som produserte energi.

Elevbedrifta som ville letta arbeidet i male- og murebransjen ved å pumpa maling opp i malingskosten fekk til slutt prisen for beste presentasjon.

LES SAKA I GRANNAR.NO!