Nesten alle elevane tatt i juks
Skulen gløymde å skru av det trådlause nettet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Torsdag førre veke skulle dei 130 elevane ved tiande trinn ved Verdalsøra ungdomsskole ha tentamenen i engelsk. Leiinga på skulen hadde avgjort at elevane skulle få lov til å bruke.
– Alle hjelpemiddel er tillatt, men verktøy kor ein kan kommunisere med kvarandre var ikkje tillate. Elevane hadde heller ikkje løyve til å bruke Google translator, Wikipedia og Facebook, seier rektor Kjartan Høstland til nrk.no.
Men ifølgje leiinga på skulen brukte over 90 prosent av elevane Facebook i løpet av prøva. På nettstaden hadde ungdomane høvet til å chatta med kvarandre under tentamen.
– Dette ser me på som eit forsøk på juks, seier rektoren.
Torsdag denne veka prøver skulen igjen. Då blir det ny engelsktentamen for heile årstrinnet, men då blir truleg nettet stengt.