120 stjerneskot i timen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meteorsvermen Geminidane er eit årvisst fenomen.

Ifølgje Himmelkalenderen.com ligg forholda godt til rette i år.

I år er det forventa at aktiviteten vil liggje på rundt 50–80 meteorar i timen natt til tysdag.

Det beste observasjonstidspunktet er frå måndag kveld og fram mot morgongry tysdag.

Meteorar frå Geminidane kan dessutan sjåast eit par dagar før og etter. Himmelkalenderen opplyser også at ein bør ha i mente at den gunstigaste tida å observere meteorar generelt sett er om morgonen, og understrekar at ein bør oppsøkje ein mørk stad.

Svermen heiter Geminidane fordi det ser ut som stjerneskota strålar ut frå det stjernebiletet.

Det betyr at ein kan sjå det i søraust i kveld, og i vest i morgon tidleg.

LES FLEIRE SAKER FRÅ HALLINGDØLEN.NO!