– Treng fleire bøker å velja i
Leseforskar meiner forlaga må ta meir ansvar for å finna bøker til gutar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Torsdag kunne Framtida.no fortelja at flesteparten av ungdomsbøkene som blei gjeve ut i Noreg i 2010, var bøker med kvinneleg hovudrolle. Noregs mest rosa forlag, Gyldendal, gav ut 21 bøker med kvinneleg hovudrolle og fire bøker med ein mann eller gut i hovudrolla.
Åse Kari Hansen Wagner er leiar for Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger. Ho meiner forlaga bør kjenna meir ansvar for å finna fleire bøker som appellerer til gutane.
– Ja, sjølvsagt. I kva grad ein er engasjert i litteratur, så har det noko med i kva grad ein identifiserer seg med denne litteraturen, forklarar ho.
Då ho og to kollegaer for ikkje lenge sidan arbeidde med språk- og lesestimuleringsprosjekt i barnehagen, kopla dei folkebiblioteket inn. Ein viktig del av det dei la vekt på var å finna fram mange ulike typar bøker som appellerte til born med mange ulike erfaringsbakgrunnar, anten det er 4-åringen med ordforråd på høgde med 7-åring eller minoritetsspråklege 5-åringar som nettopp har byrja norskopplæringa.
– Det viktige var å få alle ungane interesserte i lesing.
– Men kva kjem først av høna og egget her? Er det forlaga som marknadstilpassar seg til at jentene likar betre å lesa og gjev ut fleire bøker til dei, eller det slik at gutane les dårlegare fordi det er færre bøker til dei?
– Forlaga driv ikkje berre idealisme. Og det kan kanskje tenkjast at det blir ein Matteuseffekt.
Har du gode lesetips? Del dei i kommentarfeltet!