Lotto i straummarknaden

Olav Magnus Linge
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lotto i straum- marknaden

Nye prisrekordar på straum er det sikraste teiknet på at vinteren har festa grepet om landet.

Siv Jensen vil bruke oljemilliardar på å bygge gasskraftverk. Jens Stoltenberg seier at “regjeringa er godt i gang med å løyse kraftkrisa”. Høyrt det før? Kva einaste vinter rasar debatten om straumprisane i Noreg. Politikarane minner litt om Oslo Sporveier og aust-Europeiske trailersjoførar som kvart år let seg overraske av at det faktisk vert kaldt om vinteren her i landet.  Men debatten skrapar berre i overflata. Verken nye forureinande gasskraftverk, eller kraftleidningar frå regjeringa løyser kraftkrisa. Det er systemet som er problemet. Skal det bli prisar folk og næringsliv kan leve med, må det takast eit oppgjer med marknadsideologien som har forma norsk energipolitikk dei siste tiåra  

Tidleg på 1990-talet fekk Noreg eit av dei mest marknadsblenda energilovverka i Europa. Sidan har vi hatt Lotto for energiforbrukarane. Det er uråd å vite kva ein må betale frå vinter til vinter, anna enn at det vert mykje særleg om ein bur eller driv verksemd i Midt-Noreg. Det er som om ein går i butikken uvitande om mjølka ein skal kjøpe vert å koste ein liten 20-kroning eller ein 200-lapp.

Difor treng Noreg ein heilt ny energipolitikk. Marknaden har synt seg ute av stand til å fordele eit knapt og livsnødvendig gode som energi. Nokre private tilbydarar har tent seg rike, utan å sjølve bidra med anna verdiskaping enn å legge på prisen. Men for næringsliv og forbrukarar har rekningane berre vekse etter at marknadskreftene fekk sleppe fri.

Ein ny energipolitikk må bygge på tre grunnprinsipp. For det første må det bli slutt på at profitten til private selskap er styrande, slik at kraftoverskot vert eksportert vekk når prisane er høge i utlandet, vel vitande om at det vil leie til endå høgare prisar på vinteren i Noreg. Framfor å eksportere stadig meir straum, bør energien i Noreg først og fremst sikre at det er nok straum til husstandar og industri i vårt eige land. For det andre må det offentlege sikrast eigarskap og styring over heile energisektoren. I dag er bidreg private parasitt-selskap ofte med lite anna enn å skru opp prisane ved å kjøpe billeg og selje dyrt. For det tredje må det offentlege stille opp med reguleringar som gjer prisen lik i heile landet. Det er muleg med politisk styring som sikrar stabile og like prisar i heile energi-Noreg.

I eit normalår er Noreg verdas sjette største vasskraftprodusent. At vasskrafta kraftressursane skulle vere underlagt offentleg styring har ligge til grunn for panikklovene til den raud-grøne regjeringas innsats for å verne heimfallinstituttet frå EU-systemet. Men dei siste to tiåra har likevel fakta på bakken endra seg. No er det marknaden som rår, og privat profitt som styrer i energisektoren. Det beste provet på det er råda frå politikarane til frustrerte familiar som ser straumrekninga ta sats; bytt leverandør, sjekk marknaden. Å be kvar enkelt av oss shoppe litt smartare, er det motsette av den samfunnsbygginga og langsiktigheita som trengs for at dei enorme energiressursane dette landet rår over kan bli brukt med vit. Gjerne nokre hundreår til.