Grønt lys for grøne sertifikat

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg og Sverige blei tysdag samde om ein kraftfull utbygging av ny fornybar energi fram til 2020. 1. januar i 2012 blir den felles marknaden for grøne sertifikat opna.

Totalt kjem det nye sertifikatsystemet til å gje 26,4 TWh frå 2012 til 2020, fordelt på 13,2 TWh i kvart land. Det er ein produksjon som tilsvarar om lag åtte gasskraftverk.

– Dette er ein stor dag. Eg er svært glad for at vi no har underteikna protokollen med Sverige og kan fullføra planen om ein felles sertifikatmarknad. Fram mot 2020 vil vi sjå ei betydeleg utbygging av fornybar energi i både Noreg og Sverige. Eg er stolt over at me er føregangsland i samarbeid om utbygging av fornybar energi, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

I fotspora til Sverige
Sverige har hatt eit elsertifikatsystem sidan 1. mai 2003. Eit felles system mellom Sverige og Noreg der Noreg knyter seg til den svenske modellen inneber at marknaden får eit større volum og fleire aktørar enn i nasjonale marknader. Dette blir forventa å bidra til betre konkurranse på marknaden og meir stabile prisar. Målet for auka fornybar elproduksjon kan skje på ein meir kostnadseffektiv måte sidan investeringane vil kome der tilhøva ligg best til rette. Det er semje om at det ligg godt til rette for vindkraftutbygging i begge land. I Noreg vil det òg kome meir vannkraft, medan det vil kome meir biobasert kraftproduksjon i Sverige.

Gav presang
Natur og Ungdom er så nøgde med avtalen at dei gav energiministeren ein presang, over to veker før julaftan.

– Utbygging av fornybar energi er den viktigste brikken i den store energirevolusjonen vi trenger, dersom vi skal nå målet om å kutte utslippene av klimagasser. Vi er veldig fornøyde med at regjeringen har innfridd på et så viktig punkt, sier Magnus Delsett i Natur og Ungdom i ei pressemelding.