Søkjer unge krimforfattarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var under ein ryddeaksjon i lokalavisa Grannar sitt arkiv i haust at den nå pensjonerte journalisten Arnhild Aaen (68) kom over krimføljetongen som aldri blei avslutta.

— Me hadde innleia eit samarbeid med forfattaren Ingvar Moe der han skreiv det første kapittelet i ei krimhistorie. Deretter overtok elevane i 5. og 6. klasse på skulane i distriktet, og forfattaren skulle skriva det siste kapittelet, fortel Aaen.
Men av ulike grunnar blei aldri det siste og 15. kapittelet skrive, og Grannar inviterer nå elevar i 6. og 7. klasse ved skulane i Etne og Vindafjord til å fullføra krimhistoria.

Kårar vinnar
— Neste år er det 75-årsjubileum for Ingvar Moe med ulike markingar, og dette vil vera Grannar sitt bidrag til markeringa av den kjente forfattaren frå Etne, forklarar redaktør Arne Frøkedal.

Han oppmodar skulane om å ta kontakt med redaksjonen i Grannar for å melda si interesse for skriveprosjektet før jul.

— Me vil då trekka ut tre klassar som skal skriva kvart sitt avslutningskapittel, og så blir det kåra ein vinnar, fortel Frøkedal.

Elleve skular, eller nesten alle, frå dei tre kommunane som den gong var i Grannar-distriktet, var med på skrivestafetten som begynte ved slutten av 1989. 5. juni 1990 kom det hittil siste og 14. kapittelet på trykk på den dåverande barne- og ungdomssida «Blikk, Blekk & Bly» i Grannar.

Skriveglade unge
Då Ingvar Moe opna skrivestafetten i 1989, skreiv han i eit brev til Arnhild Aaen at ei enkelt side ikkje var mykje plass til person- og miljøskildring.

«Eg trur det er lurare å leggja vekt på action og spenning med ei mystisk og fantasiappellerande avslutning for å tenna så mange som mulig», står det i brevet frå 1989.

— Grannar vil trykka heile krimhistoria på nytt som ein føljetong utover på nyåret, og er i kontakt med ein illustratør for å få laga nye illustrasjonar til forteljingane, opplyser redaktøren.

Dei tre skulane som blir valt ut, vil sjølvsagt få tilsendt manuset for heile krimromanen.

— Nå er me på jakt etter skriveglade unge med sans for krim og spenning. Det er òg viktig at dei interesserte skulane som tar kontakt med oss, grunngir kvifor nettopp dei har dei beste skribentane, seier Arne Frøkedal.

Interesserte skuleelevar kan ta kontakt med redaktør Arne Frøkedal på arne.frokedal@grannar.no, om dei ønskjer vera med å avslutta krimforteljinga.

LES SAKA I GRANNAR!

Faktaboks

Ingvar Moe (11. desember 1936–2. september 1993) var ein norsk forfattar og lyrikar frå Etne. Han debuterte i 1975 med diktsamlinga Løktastolpefrø, som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Denne diktsamlinga er bakgrunnsmateriale for ei viseplate med Stanley Jacobsen som kom ut i 1978. I tillegg til å skriva dikt, romanar, barne- og ungdomsbøker, kåseri og skodespel skreiv han også lærebøker for barneskulen og han omsette barnebøker frå andre språk til nynorsk. I 1984 var han tekstforfattar til julehefte Smørbukk.

Les meir i Allkunne.no!