Gjorde merkelege observasjonar frå helikopter på Seljordsvatnet.

Øystein Øygarden, vtb.no
Øystein Øygarden, vtb.no

Even Birkeland og Eddy Dale i Sensair arbeider dagleg med dokumentasjon frå luftrommet, både med linjeinspeksjon, foto, film og miljøovervaking. Firmaet har 20 års erfaring frå lufta. Den siste tida har dei arbeidd på oppdrag frå Vest-Telemark kraftlag med å inspisere linjenettet til kraftleverandøren.

11. november var dei i helikopteret i lufta over Seljord. Ved Sinnesodden blei Eddy Dale merksam på noko som bevega seg i vatnet under dei.

– Me hadde snakka på skøy om å sjå etter sjøormen, og eg utbraut at «der er han», seier Dale.

– Eg avfeia det raskt med at det måtte vere ein fugl eller noko, legg Even Birkeland til.

Dei blei nysgjerrige på det som var to store objekt i vatnet. Dei to meiner objekta bevega seg i 8-10 knops fart kring 30 meter frå kvarandre, og gjorde ein manøver då helikopteret nærma seg vatnet.

– Det verka som ein direkte respons på helikopteret, meiner Birkeland.

Aldri sett liknande
Kamera er blant arbeidsverktøyet til dei to, og dei var ikkje seine om å dokumentere observasjonen. Etter 6-7 sekundar dukka objekta under vassoverflata, det eine litt før det andre, og begge blei brått borte. Tilbake var berre små bylgjer.

– Me har drive med dokumentasjon frå luftrommet i mange år, og sett mykje, men aldri noko liknande, seier Even Birkeland, og avviser at det kan ha vore til dømes ein tømmerstokk eller bever.

Han vil ikkje påstå at det han såg var sjøorm, men konstaterer at det var eit eller anna stort objekt.

– Eg har ingen teoriar om kva det var, men det var noko stort som flytta mykje vatn, seier han.

Dei hadde høyrt historiene om at det skal vere sjøorm i Seljordsvatnet, men ofra ikkje det nokon tanke før helikopterturen.

– Me var vel meir opptatte av menyen på hotellet, smiler Birkeland.

Det var fyrst på onsdag dei såg nærmare på bilda av objektet i vatnet som utgjorde ein bitteliten del av det totale omfanget av bilde frå arbeidet.

Overbevist ordførar
Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen er ikkje i tvil om at det kan ha vore sjøormen dei to såg frå lufta. Ho hevdar sjølv å ha observert det myteomspunne dyret for nokre år sidan.

– Eg er overbevist. Noko må det vera i vatnet, meiner ordføraren, og viser til at historiene har versert i meir enn 200 år.

Sjøormobservasjonar om hausten og vinteren er sjeldne, men dette trur ordføraren heng saman med at færre observerer Seljordsvatnet på denne årstida enn om sommaren.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

Kommentarar

ANNONSE