Ung siger på klimamøtet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me vann, me vann!

I helga blei det klart. Det internasjonale ungdomsnettverket i klimaforhandlingane har arbeidd med dette spørsmålet i eit halvt år.

– Landa i verda vedtok akkurat at alle land skal framme deltakinga til ungdom i klimaspørsmål. Det var dei vaksne som skulle bli samde. Men dei var klår over at vi var her, og det hjelpte, skreiv Markus Nilsen, leiar i Changemaker LNU Blogg etter vedtaket.

– Det er eit utruleg viktig vedtak. Ikkje berre vil det gjere ein eventuell klimavtale betre og meir rettferdig, det er òg eit tiltak som styrkjer påverknadskrafta til unge og deltaking i politisk utvikling og prosjekt relatert til klima, seier Kari-Anne Isaksen til nrk.no. Ho representerer ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet, Spire.

Markus Nilsen seier til nrk.no at han håpar det overraskande vedtaket kan ha ein innverknad på resten av toppmøtet, der diskusjonane rører seg i sneglefart.

– Når dei viser at ein kan få igjennom eit vedtak på 90 minutt, bør me kunne sjå positive utfall andre stader i forhandlingane òg, seier han.

LES SISTE KLIMANYTT!