Göteborghjartet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Göteborg- hjartet

Håkan i bakgrunnen
Håkan Hellström vart fødd 2. april 1974, og er oppvaksen i Göteborg i Sverige. Då han gjekk på ungdomsskulen, starta han bandet Little Wing med nokre kompisar. Men Håkan og kompisane slo seg snart saman med to andre gutar, Henrik Berggren og Daniel Gilbert, som også hadde starta eit band: Broder Daniel. Håkan spelte trommer i Broder Daniel frå 1989 til 1994. Dei fekk raskt ein trufast tilhengjarskare, og i 1993 begynte også pressa å interessere seg for bandet. Men internt var det mykje krangling, og Håkan hoppa altså av då han var 20. Året etter, i 1995, fekk Broder Daniel platekontrakt med EMI. Håkan spelte på denne tida trommer i bandet Honey is cool, som gav ut platene Focky Focky No Pay (1995) og Crazy Love (1997). Han song også i Påvels.

I 1998 hadde Broder Daniel, etter to plateutgivingar, verken platekontrakt eller særleg mange medlemmer lenger. Håkan gjekk inn igjen i bandet, denne gongen spelte han bass. Dei gav ut albumet “Broder Daniel Forever” (1998), som vart ein stor suksess takka vere Lukas Moodyson-filmen “Fucking Åmål”, der tre Broder Daniel-songar var med på lydsporet. 

Håkan fram
Etter litt turnering vart det stille rundt Broder Daniel igjen. I 2000 kom det derimot lydar frå Håkan; han gav ut soloalbumet “Känn ingen sorg för mig Göteborg”. Førstesingelen, som heitte det same som albumet, vart svært populær – ikkje berre i Göteborg, men i heile Sverige, og i Noreg også. Han fekk dessutan strålande omtale i media. Året etter vart Hellström kåra til “Årets göteborgare”, blant anna for å ha vore med på å byggje opp Göteborg som pop-by.

LES FLEIRE SAKER HJÅ NORSK BARNEBLAD!

Han gjekk frå å vere ukjend trommis/bassist i bakgrunnen til å bli ein av Sveriges mest populære og tydelege artistar på kort tid. I 2002 gav Håkan ut EP-en “Luften bor i mina steg”, der han song nye versjonar av fire gamle viser. Same haust kom andrealbumet, “Det är så jag säger det”. Også dette vart svært godt motteke av både musikkmeldarar og publikum, og singelen “Kom igjen Lena!” vart enormt populær i både Sverige og Noreg.

Håkan heilt fremst
2005 var nok eit stort år for Håkan Hellström. I februar gav han ut albumet “Ett kolikbarns bekännelser”, som er noko rolegare enn forgjengarane. Albumet gav han grammisprisen for beste mannlege artist året etter. Men også “Nåt gammalt, nåt nytt, nåt lånat, nåt blått”, som er ei blanding av gamle, nye og live-innspelingar, vart utgitt dette året. Dessutan fekk Håkan ein son, Sigge Mio, i desember 2005. Etter dette tok han ein liten pause frå musikarlivet.

Tre år skulle det ta før Håkan dukka opp på nytt. I mars 2008 gav han ut singelen “För en lång lång tid”, og seinare same månad kom albumet “För sent för Edelweiss”. Han fekk fleire prisar etter dette, blant anna for beste konsert og beste mannlege soloartist. I september vart det andre barnet hans, Julius, fødd.

I 2010 har Håkan Hellström igjen vore aktuell. Ti år etter at han debuterte som soloartist, gir han ut “Samlade singlar 2000–2010”, framfører heile debutalbumet i eitt strekk under Way out west-festivalen i Göteborg, og avsluttar året med eit nytt kritikarrost album, “Två steg från Paradise”.

Faktaboks