Dette gjer ein infoarbeidar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namn: Sindre Olav Edland-Gryt
Alder: 29 år
Yrke: Informasjonskonsulent
Arbeidsplass: Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) i Oslo

Kvifor valde du dette yrket?

– Det var ei god blanding av fritids- og faginteresser. Eg har jobba mykje med design og kommunikasjon tidlegare. Samstudes har eg jobba med nett og tekstar som frivilleg for ulike organisasjonar.

Eg visste vel ikkje at eg skulle bli informasjonskonsulent før eg fekk jobben her.

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

– Det er nokre faste rutiner, som oppdateringar av nettstaden og andre media som til dømes Facebook. Eg må svara på mail og førespurnadar. Dessutan er det møteorganisering og oppfølgjing av det som skjer i organisasjonen. Eg må vite kva kampanjar me skal kjøyre til ei kvar tid, og laga materiell som brosjyrar og liknande.

I tillegg jobbar eg mykje opp mot og med pressa ved å til dømes å skriva pressemeldingar og kronikkar. Arbeidet er særs variert, og eg har ymse arbeidsoppgåver.

Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynt i denne jobben?

– Eg har ein master i religionssosiologi og erfaring frå kommunikasjon- og organisasjonsarbeid, dessutan var eg rett person for akkurat denne jobben. Ynskjer ein å jobbe med informasjons- og kommunikasjonsarbeid trur eg det er viktig å få seg ei utdanning innan det feltet ein vil jobbe. I min sektor er det nok mest samfunnsvitarar. Det gjeld i alle høve innan organisasjonar. Andre i same yrke er utdanna journalistar, innan medie- og kommunikasjon eller dei har marknadsføring frå BI.

Som person må ein vere god til å formidle og vere flink med språk. Ein må og kunna finna fram til relevant informasjon og formidla essensen av denne vidare. Ein informasjonskonsulent må sjølvsagt og følgje med i media og nyhende.

Kva er det beste med yrket ditt?

– At det er variert og spennande. Eg får brukt mange forskjellige eigenskapar. Ein får jobba sjølvstendig og samarbeide med andre, eg møter mange menneske i jobben. Det er kjekt å sjå at folk blir inspirert av det ein formidlar.

Informasjonsarbeid får ting til å skje, og det gjer ein ei yes-kjensle.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

– Somme stunder kan det bli for variert. Med så mange ymse arbeidsopppgåver får ein ikkje alltid tid til å gjere sitt beste med å setje seg inn i alt.

Kva anna kan ein gjere som informasjonskonsulent?

– Ein kan jo jobbe innan dei fleste sektorar, om ikkje alle! Det finst difor uhorveleg mange moglegheiter. Mange jobbar tettare opp mot marknadsføring og sal. I store bedrifter har dei mange informasjons- medarbeidarar og då har dei meir spesifiserte oppgåver.

Kva kan ein forvente av løn i dette yrket?

– Det er nesten umogleg å seie. Det kjem mykje an på arbeidsplassen. I organisasjonar er ikkje løna så høg, eg tjener om lag 350 000.

Korleis ser du sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Det varierar frå sektor til sektor. I bistandsorganisasjonar er det vanskeleg å få arbeid fordi det er veldig populære jobbar. Samstundes er informasjonssektoren i vekst, og det finst mange forskjellige stillingar.