Svak C for norsk klimapolitikk

Noreg gjer ein god jobb for klima utanfor grensene til landet, men imponerer ikkje på heimebane.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svak C for norsk klima- politikk

Ein fersk rapport frå BI gjev regjeringa ein svak karakter C i klimapolitikk. Forskarane ved Senter for klimastrategi ved BI har for tredje år på rad bede eit stort utval godt informerte nordmenn og kvinner om å vurdere regjeringa si klimapolitikk.

Ser vi på dei einskilde tiltaka, er det jamt middelmådig over heile linja, kjem det fram av rapporten som er attgjeve i Forsking.no.

Studien indikerer at Noreg scorar høgast på arbeidet med å forbetre prosessar i kraftkrevjande industri og i arbeidet med å utvikle meir energieffektive bygg.

KOMMENTAR: I bakvendtland

Noreg oppnår den dårlegaste scoren for innsatsen vår for å reduserer behovet for transport. Sidan 2008 kan vi sjå ein vis framgang i arbeidet med å innfasa køyretøy og fartøy med låge utslepp.

– Framgangen kunne ha vore mykje raskare om me hadde klart å bli samde om ein heilskapleg energi- og klimaplan for Noreg, seier Jørgen Randers, som har vore hovudsensor for rapporten.

LES SISTE KLIMANYTT!