Krev gransking

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev vindmølle- gransking

I mars 2009 vart det publisert ein forskningsrapport frå Vestlandsforskning som heitte ”Vindkraft, reiseliv og miljø – en konfliktanalyse”.

Rapporten skulle sjå om det ville bli eventuelle konfliktar mot reiselivet og turismen om vindkraft vart bygd ut slik stat og regjering hadde som målsetjing, 3 TWh innan 2025.

– Media presenterte eit resultat som sa at det ikkje var nokon slik konflikt å finna. Rapporten slo bein under alle motstandarar av vindkraft. Denne veka avslørte Aftenposten at rapporten har vore forsøkt manipulert av Olje- og energidepartementet og Norges vassdrags- og energidirektorat, seier Hans Christian Hansen i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Han seier årsaka var at forskarane fann ut at det var konflikt mellom reiseliv og utbygging.

– Turistane var villige til å akseptera vindkraft i Noreg berre dersom den kom som ein erstatning for forureinande kraft som til dømes kol, og dermed fører til reduserte klimautslipp. Og spørsmålet vart då: Gjer det det? Neppe, svarte forskarane, seier Hansen.

Naturvernforbundet meiner dette er ein skandale og at det bør koma ei intern og ekstern gransking av kva som eigentleg foregår i Olje og energidepartementet, heiter det i ei pressemelding.

– Folk i Noreg har vorte rundlurte av kyniske politikarar og kraftselskap. Nokon i OED bør stå til ansvar for dette, seier Hansen.

LES SAKA I SOGN AVIS!