Forvaltar vi oljeformuen på rett måte?

Stig Ove Ølmheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forvaltar vi olje- formuen på rett måte?

Noreg er i dag verdas rikaste og beste land å bu i. Petroleumsvirksomheita i Nordsjøen har gitt oss skatteinntekter som alle misunn oss. Desse verdiane blir stadig investert i nye risikofylte prosjekt på verdas børsar, og vi eig 1% av alle børsnoterte selskap på denne kloden. Auka arbeidsløyse spesielt blant ungdom, reduserte lønningar og enorm statsgjeld skapar ein global ubalanse med handels og valutakrigar.

Korleis skal vi bruke pengane våre? NHOs berekningar viser at kun 4 prosent av pengane vi brukar årleg, går direkte til forsking, utdanning og samferdsel. Vi såg at under finanskrisa forsvann milliardar av arvesølvet vårt i løp av minuttar på blodraude børsar. I dag undergrev vi vår eigen økonomi ved å underinvestere i vårt eige produksjonsapparat. Skular, barnehagar og aldersheimar forfell og ingen tek ansvar. Kommunane klagar på manglande løyvingar og regjeringa meinar kommunane prioriterar feil. I dag blir ungdom sjuke av dårlege skulebygg frå 1960-70 talet som er på nivå med gamle bygningar i Sovjet.  

Styrka norsk teknologi ville på sikt skape fleire godt betalte arbeidsplassar for norsk ungdom.  Det hadde vore ein mykje betre investering å bruke delar av verdiane å byggje opp landet vårt i form av realkapital. Ein moderne infrastruktur med sikre vegar og eit godt jernbanenett, som kunne gitt betydeleg miljøgevinst på lengre sikt. Eit lyn tog mellom Oslo – Bergen kunne ein nesten bygge berre på dei årlege bonusutbetalingane forvaltarane av oljeformuen får.  I dag har norske politikkarar i lita grad ein plan for korleis verdiane skal forvaltast best mogleg  til seinare generasjonar. Vi har handlingsregelen frå 2001 som fastsett noko av den årlege bruken, men som dei siste regjeringar lett har oversett.  Handlingsregelen skil ikkje mellom forbruk og investeringar. Greitt med ein handlingsregel for å holde forbruket på ein rimeleg måte, men investeringar er ikkje forbruk men ein oppbygging av landet slik at framtidige inntekter blir større.

Noreg som heilskap må investere meir. I den situasjonen verda er i dag vil realinvesteringar som skulebygg, aldersheimar, vegar og jernbane ikkje skape inflasjonspress av betyding. Skulle auka investeringar likevel skape eit inflasjonspress, kunne dette bli ein fordel på sikt. Vil Noreg oppleve auka inflasjon vil valutaspekulantane som i dag pressar krona opp trekke seg ut og senke kronekursen til fordel for industrien, og igjen sikre norske arbeidsplassar.

Dei auka investeringane ville ha blitt positivt for kvar einaste nordmann, både gammal og ung. Betre skular som er tilpassa dagens miljø og inneklima krav, ville ikkje vere å forakte. Full barnehagedekning og sjukeheimsplassar til den veksande eldrebølja ville ha betra livskvaliteten for mange. Norsk næringsliv ville ha vorte meir konkurransedyktig på to måtar: krona ville ha svekka seg og betre infrastruktur ville ha gjort det meir effektivt å drive næringsliv i Noreg. Desse investeringane kan gjerast utan at ein vil få eit inflasjonshopp og den norske industrien ville i lita grad få dårlegare konkurransefortrinn mot resten av Europa.

Investeringar i realkapital vil være noko av det sikraste ein kan investere i, ved eit børsfall vil milliardar forsvinne på sekund. Byggjer ein vegar og tildømes skulebygg vil det vere varige investeringar som ikkje forsvinn over natta. Investeringar på norsk fastland ville ha gitt alle i Noreg ein del av petroleumsrikdommen, og ikkje slik som i dag der kun dei som forvaltar den har økonomisk glede.  

Bruk delar av formuen på utdanning, forsking og infrastruktur og ikkje bygg luftslott på verdas børsar.