Vann Brageprisen

Fengsla av Hilde K. Kvalvaag er årets barne- og ungdomsbok.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vann Brage- prisen

Dette er den tredje gongen på fire år at Det norske samlaget får Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok. Maria Parr og Linn T. Sunne gjorde det same i høvesvis 2009 og 2007 med bøkene Tonje Glimmerdal og Happy.

Ragnfrid Trohaug, redaktør i Samlaget, tvitrar dette som reaksjon på prisen:

"For ein kveld! Hilde Kvalvaag vann Brageprisen og redaktøren er jubelstolt!"

Dette seier juryen om Fengsla: 

"Ei skarp framstilling av to komplekse jenter, som set ord på mange av dei store spørsmåla som er karakteristiske for ungdomstida: uro, brytningstid, lausriving, lengt og hungeren etter ein ”walk on the wild side”. Tittelen spelar både på jentene sine dragningar mot det ulovlege, og den fastlåste situasjonen dei begge er i. Idun er flink til det meste, men litt for passiv til å vere best når det gjeld. Kusina May har derimot få hemningar, og blir drive av ein umettelig, rotlaus kjærleikshunger. I møtet mellom desse to har Kvalvaag klart å skape ei gripande forteljing om ei tid der verda fort kan snu frå kjedeleg til farleg."

Les utdrag frå boka!

Heiderspris til Wassmo
Gaute Heivoll vann Brageprisen for skjønnlitteratur for vaksne med boka Før jeg brenner ned. Tone Huse vann prisen for beste sakprosa med Tøyengata – et nyrikt stykke Norge. Stian Hole vann open klasse med boka Garmanns hemmelighet.

Herbjørg Wassmo fekk utdelt heidersprisen for forfattarskapen hennar.

Faktaboks