Slik blir du filosof

Framtida
Publisert
Oppdatert 29.12.2019 18:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namn: Lene Bomann-Larsen
Alder: 39 år
Yrke: Filosof – postdoktor
Arbeidsplass: Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk, Universitetet i Oslo

Kvifor valde du dette yrket?

– Det var litt tilfeldig. Eg skulle eigenleg studere litteraturvitskap, men vart hekta på filosofi då eg tok ex. phil. Så då vart det til at eg studerte filosofi i staden.

Kva for arbeidsoppgåver har du i yrkeskvardagen din?

– No er eg i den heldige situasjonen at eg ikkje har nokre andre plikter enn å drive med eiga forsking. Då skriv eg artiklar og deltek på konferansar der eg legg fram det eg held på med. Som regel har ein òg undervising, rettleiing av studentar og einskilde administrative oppgåver i tillegg.

Prosjektet mitt handlar om korleis syna til naturvitskapane på mennesket utfordrar forståinga vår av moralsk ansvar, og om dette bør påverke politiske og rettslege institusjonar. Eg jobbar òg med etikk i krig, og skreiv doktoravhandlinga mi om den moralske statusen til soldatar.

Kva for ei utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynt for å bli filosof?

– Filosof er ikkje ein verna tittel, men skal du ha ein forskarstilling som filosof, må du ha ein doktorgrad. Ein bør ha visse analytiske evner, for det er eit teoretisk krevjande fag. Dessutan må du like å jobbe mykje for seg sjølv. Viss du vil jobbe med menneske, er ikkje filosofi vegen å gå. Du må òg kunne tole mykje konkurranse og utryggleik i tilhøve til eigen jobbsituasjon. Og du må vere genuint intellektuelt nysgjerrig og synast at abstrakte problem er veldig, veldig interessante.

Kva er det beste med yrket ditt?

– Kvar dag er det morosamt å vere på jobb. Jobben min er òg hobbyen min. Det er eit absolutt samanfall mellom det eg gjer og det eg har lyst til å gjere. I tillegg har vi eit svært godt fagmiljø her, og mange av kollegaene mine er òg venene mine. Det er sikkert ikkje sånn overalt, men eg har vore heldig. Og det er viktig å ha det hyggeleg på jobb.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

– Ein har ein veldig usikker jobbframtid. Det gjer at det blir tøff konkurranse, òg med folk som er venene dine. Ein blir ofte gåande på korte kontraktar og må bruke mykje tid på å søkja om pengar til framtidige prosjekt. Vi har òg eit publiseringskrav, og å publisere i tidsskrift er ein tidkrevjande prosess. Det tek lang tid frå ein sender inn ein artikkel til ein får vita om han i det heile blir akseptert. Ofte må han skrivast om fleire gonger, og kanskje blir sendt andre stader, før han omsider kjem på trykk. Det kan vere belastande å måtte vente så lenge på å få respons på forskinga du gjer. Slik er undervising bra. Då får ein meir umiddelbar respons.

Kva for andre arbeidsområde/høve finst innanfor yrket ditt?

– Mine tidlegare medstudentar, med mastergrad i filosofi, har fått mange ulike jobbar. Mange jobbar i statsforvaltninga, særleg i administrative forskingsinstitusjonar, som Forskingsrådet og Kunnskapsdepartementet, og i kulturforvaltninga. Mange underviser, blant anna i ex. phil. og vidaregåande skule. Nokre jobbar i næringslivet med kommunikasjon og marknadsføring, medan andre har enda opp i mediebransjen.

Studerer ein filosofi, trenar ein opp sine analytiske evner. Ein blir god til å sjå mange sider av ei sak, sjå underliggande problem og å argumentere. Det gjer at ein blir eigna til å skrive utgreiingar og rapportar. Det er viktig å huske at filosofi ikkje først og fremst er eit “meininga-med-livet-fag”, men eit reiskapsfag som trenar opp tenkeevna og evna til grunngjeving og sakleg argumentasjon. Desse eigenskapane trenar ein opp uavhengig av kva for eit område innanfor filosofi ein studerer.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

– Som forskar tenar ein eit stad mellom 400.000 og 600.000 kroner i året, avhengig av stilling. Jobbar ein med noko anna, er lønt avhengig av der ein hamner.

Korleis ser du på sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Viss ein vil jobbe med filosofi som forskar, er sjansane for fast jobb veldig små i Noreg. Mange har drege til utlandet, men òg der er det etter kvart vorte veldig vanskeleg å få jobb. Man må satse på kortvarige prosjekt, eller finne utradisjonelle måtar å jobbe med faget på. Nettverk og samarbeid er viktig – gjerne med folk frå andre fagområde. Man må vere veldig dedikert til faget, og ein må kunne leve med utryggleiken. Mange sluttar fordi dei ikkje synest det er verd prisen.

Med ein mastergrad i filosofi, har ein jobbsjansar på linje med samfunnsvitarar og humanistar, og inntrykket mitt er at ein ikkje går arbeidsledig særleg lengje.