Pilot med flaks

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namn: Jan J. M. Pedersen
Alder: 29
Yrke: Pilot
Arbeidsplass: Benair, Gardermoen

Kvifor valde du dette yrket?

– Fly og flyging har vore i familien. Faren min har jobba i bransjen i mange år, og eg var veldig klår på at eg òg ville det. Pilot er eit spennande yrke, for du får reist mykje og sett ulike stader.

Kva for arbeidsoppgåver har du i yrkeskvardagen din?

– Dagen byrjar med å kome på jobb og møte kollegaene ein skal fly saman med. På eit fly er det ein kaptein og ein styrmann – begge er pilotutdanna, men kapteinen er meir erfaren. Styrmann klargjer flyet, medan eg sjekkar vêret og sjekkar at papira er i orden. Eg må òg gjere ulike kalkulasjonar, til dømes på vekt og bensinforbruk. Vêret har stor tyding. Med dårleg vêr trengst fleire alternative landingsstader og meir bensin, noko som får innverknad på kor mykje last ein kan ta med. Vêret må òg vere bra nok til at ein kan lande. Det er sjeldan at eg dreg heimefrå utan å ha med ein bag. Ein må vere fleksibel. Plutseleg står ein ein stad utan løyve til å lette. Det blir ofte dagane til 14 timar.

LES OM ANDRE YRKE!

– Vi har eit avgrensa rutenett, men plutseleg kan ein få spørsmål om å fly eit stad ein aldri har vore før. Pilotyrket blir mykje ein livsstil, både fordi flyging òg er ei interesse, og fordi det er eit fagfelt som du heile tida kan utvikle deg innan. Det er alltid nokre kurs du kan ta.

Kva for ei utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynt for å bli pilot?

– Ein må ha ein grunnleggjande vidaregåande utdanning. Deretter er det mykje faglesing for å ta flysertifikatet. Først tek ein privatflygarsertifikat. Deretter går ein vidare til kommersielt sertifikat, og vidare derfrå til å ta instrumentflyging. Det er ein veldig krevjande utdanning, og det skjer at folk mistar motivasjonen undervegs. Det er mange eksamenar undervegs. Ein kan ta dette på ulike flyskular, som er private. Mange dreg òg til USA, men det er lettare å få godkjent pilotutdanninga i Europa. Sjølv tok eg han i Stockholm. (No tilbyr Universitetet i Tromsø ein bachelorutdanning i luftfartfag red.anm.)

Kva er det beste med yrket ditt?

– Dagane er veldig ulike, og varierer både med omsyn til vêr og rute. Eg kan òg lære noko nytt kvar dag. Vi må gjere oss kjent med nye prosedyrar og regelverk, som stadig endrar seg. Ein deler òg stadig røynsler med kollegaer og folk ein treff.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

– Det kan vere veldig oppslukande, noko som hengjer saman med at yrket blir ein livsstil. Dette kan sikkert bli eit problem når ein stiftar familie. Eg trur nok at mange får seg ein overrasking i dette yrkt – det er ikkje så glamorøst som mange trur det er. Sjølv om eg gler meg til å gå på jobb kvar dag, så blir jo alt ein vane.

Kva for andre arbeidsområde/høve finst innanfor yrket ditt?

– Mange får seg ein kontorjobb i flyselskap og er med og styrer den operative avdelinga. Innan flyselskap er det òg ein del jobbar som det er naturleg at flygarar kan få innan administrasjon og leiing.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

– Det er veldig varierande. Som nyutdanna er startlønna på rundt 250.000 kroner og oppover. Mange erfarne pilotar tener ein million kroner i året.

Korleis ser du på sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Marknaden varierer sterkt, og det er fleire nyutdanna som går arbeidsledige. Det handlar om å vere heldig, å vere på rett stad til rett tid, så brutalt er det. Flybransjen er litt spesiell slik. Mykje handlar om flaks.