Får utslett av internett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Psoriasis er ein av hudsjukdomane som vert påverka av stress og mangel på søvn. Psoriasisforbundet merkar at dette er noko spesielt unge slit med.

Høgt tempo
– Unge menneske har høgt tempo. Mange er tilgjengeleg døgnet rundt, på mobil og sosiale medium. Eit hektisk liv kan gjera sjukdommen meir aggressiv, seier generalsekretær Terje Nordengen i Norsk Psoriasisforbund.

Nordengen vil ikkje åtvara mot sosiale medium og pc-bruk, men ber unge vera merksame på at utstrekt bruk kan gje hissigare utslett.

– Det er ikkje noko galt i å bruka sosiale medium og vera aktiv på nettet, men når aktiviteten blir så høg at det opplevest som stress, kan sjukdommen bli forverra. Stress kan også utløysa psoriasis, seier Terje Nordengen.

Smerter i huda
Dei som er hardt ramma av sjukdomen, har større plager enn ein tidlegare var klar over. Eit nytt forskingsprosjekt viser at fire av ti pasientar med psoriasis har smerter i huda, heiter det i ei pressemelding frå Extrastiftelsen Helse og Rehabilitering.

– Dette er helt ny forsking, og det er viktig å gje ny kunnskap til legane om korleis denne gruppa har det. På den måten kan ein tilpassa behandlinga best mogleg, seier generalsekretær Anne Kari Holm i Extrastiftelsen Helse og Rehabilitering, som har støtta forskingsprosjektet.


LES SAK I SOGN AVIS!