Beste barnebok i Tyskland
– Å bli kåra til årets barnebok i Tyskland av Die Zeit er så stort at ein får lyst å slå saltomortale på ski.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Die Zeits prestisjefulle pris LUCHS 2010 for beste barnebok i Tyskland går til Tonje Glimmerdal av Maria Parr, skriv Samlaget i ei pressemelding.
– Maria Parr klarer kunststykket å skrive fram ei verd som både er eksotisk og annleis for dei som ikkje er kjende med norske forhold, og samtidig universell. Det trur eg er nøkkelen til Tonje Glimmerdal og Maria Parrs store suksess i utlandet og det viser seg ikkje minst i denne gjeve barnebokpristildelinga. Å bli kåra til årets barnebok i Tyskland av Die Zeit er så stort at ein får lyst å slå saltomortale på ski, akkurat som Tonje i boka til Parr, seier redaktør for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget, Ragnfrid Trohaug
Prisen vert delt ut under ein sermoni på Litteraturhuset i Hamburg seinare denne månaden.
Ifylgje juryen utmerkar boka seg med ei mangfaldig historie og står som ein kontrast til dei mange eindimensjonale karakterane ein finn i barnelitteraturen i dag.
Tonje Glimmerdal har mellom anna tidlegare fått Brageprisen og Kritikarprisen og selte nest mest av alle nye barnebøker i 2009. Maria Parr har no stor internasjonal suksess. Boka er selt til sju land, mellom anna Kina og Russland.
Prisen er på 8000 euro og Per Olov Enquist er blant tidlegare vinnarar.