Vil etablere Hallingdal AUF

I ettermiddag er det oppstartsmøte for Hallingdal AUF på Gol.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har vore liv i laget før. Me vil blåse nytt liv i det, seier Nicoline Bjerge Schie, tidlegare fylkessekretær i AUF i Buskerud, no leiar for Drammen AUF.

Sidan måndag har ein delegasjon frå AUF i fylket vore på besøk i Hallingdal for å hjelpe i gang på ny. Også tidlegare stortingspolitikar Sigrun Eng frå moderpartiet Arbeiderpartiet har vore med.

Medlem er verva på både Gol og Ål vidaregåande skular. Kl 16 i ettermiddag er det oppstartsmøte på Pers Resort på Gol.

– Alle er velkomne, om ikkje anna for kome med innspel, seier geilingen Julie Skogsrud som ferskt AUF-medlem.

Saman med Mari Nymoen Eikre frå Hemsedal er ho sentral i oppstarten av laget. Nymoen Eikre har vore politisk aktiv etter skulevalet i fjor, men til no har det mangla lokallag.

– Me har tru på at det er eit potensial her, seier hemsedølen før møtet.

Det har vore lokallag av AUF i Hallingdal også tidlegare. Siste forsøk på etablering var i 2008. Då stod Terje Seierslund frå Ål i bresjen.

Vil etablere Hallingdal AUF
I ettermiddag er det oppstartsmøte for Hallingdal AUF på Gol.
Av: Bernt Ivar Bergum
Publisert: 16.11.10 Oppdatert: 16.11.10 kl. 12:43
A A A
 
Skriv ut
Del denne saka
Facebook
Digg

– Det har vore liv i laget før. Me vil blåse nytt liv i det, seier Nicoline Bjerge Schie, tidlegare fylkessekretær i AUF i Buskerud, no leiar for Drammen AUF.

Sidan måndag har ein delegasjon frå AUF i fylket vore på besøk i Hallingdal for å hjelpe i gang på ny. Også tidlegare stortingspolitikar Sigrun Eng frå moderpartiet Arbeiderpartiet har vore med.

Medlem er verva på både Gol og Ål vidaregåande skular. Kl 16 i ettermiddag er det oppstartsmøte på Pers Resort på Gol.

– Alle er velkomne, om ikkje anna for kome med innspel, seier geilingen Julie Skogsrud som ferskt AUF-medlem.

Saman med Mari Nymoen Eikre frå Hemsedal er ho sentral i oppstarten av laget. Nymoen Eikre har vore politisk aktiv etter skulevalet i fjor, men til no har det mangla lokallag.

– Me har tru på at det er eit potensial her, seier hemsedølen før møtet.

Det har vore lokallag av AUF i Hallingdal også tidlegare. Siste forsøk på etablering var i 2008. Då stod Terje Seierslund frå Ål i bresjen.

LES SAK I HALLINGDØLEN.NO!