OL-formelen på plass

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

OL- formelen på plass

Det var små marginar som skilde Dugstad Johnsen, som til vanleg går på gymnaset på Voss,  frå å vinna heile meisterskapen.

– Eg såg litt feil på den eine oppgåvamedan eg tenkte litt feil på den andre, dermed vart det nokre poeng mindre på meg, fortel han.

Dei 150 beste går vidare
Også granvinsjenta Anita Himle gjekk vidare etter første runde.

– Det er dei 150 beste som går vidare til runde to i kjemi-OL, fortel ein stolt lærar, Per Kristian Andresen.

Første gongen
Stolt kan han vera, for det er første gongen ein gymnaselev på Voss klarar tredjeplassen i ein slik meisterskap.

– Kjemi-OL har vorte arrangert i mange år og Voss gymnas har delteke fleire gonger. Men det er første gongen me kan skilta med så gode resultat.

Kan gå vidare
Dei to første prøvane går føre seg på Voss. Skulle han gå vidare til tredje runde, som ein av dei 16 beste, vil han verta invitert til ei vekes treningsopphald ved Kjemisk institutt i Oslo i mars 2011.

Dersom han vert ein av dei fire beste der, får han tilbodet om å reise til Tyrkia og representera Noreg den internasjonale finalen i juli.

– Det er så langt fram at det ser eg mest som uaktuelt, seier Dugstad Johnsen.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!