Ungdommens kritikarpris rir igjen

Nominasjonane er klare.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Og dei nominerte er...

Ein rekordstor jury på 230 ungdommar går i desse dagane laus på ein bunke bøker nominert av ein jury frå Kritikarlaget. 8 skjønnlitterære bøker skal lesast og diskutert før ungdomen 3. mars entrar scena på Litteraturhuset og kårar favoritten sin. Same dag blir kritikarprisen delt ut.

– Ungdomen sin kritikerpris er ein kjeltring i litteratur-Noreg, som skyt frå hofta, seier tidlegare vinnar Bjarte Breiteig. Dagleg leiar i Samskipnaden !les, Ketil Kolstad, legg til:

– Jurymedlemmene er uredde, grundige og dedikerte lesarar. Ungdomsjuryen er difor verd å lytte til, seier han i ei pressemelding.

Dei nominerte er:
Mikkel Bugge: Gå under jorda. Oktober
Helga Flatland: Bli hvis du kan, reis hvis du må. Aschehoug
Gaute Heivoll: Før jeg brenner ned. Tiden
Jan Roar Leikvoll: Fiolinane. Samlaget
Thomas Lundbo: Synkere og svevere. Cappelen Damm
Nina Lykke: Orgien og andre fortellinger. Oktober
Tove Nilsen: Nede i himmelen. Oktober
Karine Nyborg: Ikke rart det kommer kråker. Aschehoug

Nominasjonsjuryen er sett saman av Lars Helge Nilsen, Silje Stavrum og Petra Helgesen. I juryen sit klassar frå: Aust Lofoten vgs, Hemne vgs, Horten vgs, Oslo Katedralskole, Persbråten vgs, Samisk vgs, Stavanger Katedralskole, Thor Heyerdahl vgs og Ås vgs.

LES SISTE LITTERATURNYTT!

Ungdommens kritikarpris er eit samarbeid mellom Samskipnaden !les, Norsk kritikerlag, Den norske Forleggerforening, Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa og Utdanningsforbundet. Det er sjette året at Ungdommens kritikarpris skal kårast. Vinnaren i fjor var Jon Øystein Flink med Sex, død og ekteskap.