Eit politisk problem
Det finst i augenblinken ikkje noko godt alternativ til å få den raud-grøne regjeringa til å fungere.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Problemet til den raud-grøne regjeringa er politisk.
Tre konklusjonar bør vere klare i dagens politiske situasjon for dei av oss som ønskjer eit meir rettvist og solidarisk Noreg. For det første finst i augenblinken ikkje noko godt alternativ til å få den raud-grøne regjeringa til å fungere. For det andre er det tydeleg at problemet til dei raud-grøne er politisk, og at det ikkje let seg løyse av PR-strategar og kommunikasjonsrådgjevarar. For det tredje er det heilt usannsynleg at regjeringa “av seg sjølv” endrar retning, då måtte SV vore mykje større, Arbeidarpartiet mykje mindre og Senterpartiet meir samde med seg i mellom. Eit politisk taktomslag krev press, men også initiativ og utvikling av fleire gode saker frå fagrørsla, ungdomspartia og dei sosiale rørslene kring regjeringa.
Regjeringa har gjort det best når den har hatt vilje til å endre Noreg, og dra politikken mot venstre. Barnehagerevolusjonen samla brei folkeleg støtte, parkerte høgrepartia og synte ei regjering med handlekraft og vilje til å endre Noreg. Den aggressive pengebruken Kristin Halvorsen stod for under finanskrisa, braut med nyliberale prinsipp om å la marknaden ordne opp sjølv, men hindra massearbeidsløyse og velferdskutt. Opposisjonspartia våga ikkje anna enn å røyste for den eine kriseløyvinga etter den andre, medan dei mumla om ansvarløyse og sosialisme. Kontrasten mellom desse døma og regjeringas forsøk på å spele den “ansvarlege høgresidas” sine kort er slåande. Både forsøk på å kødde med sjukeløna og planar om kutt i uførepensjonen, sikrar FrP nye veljarskarer kvar gang ein statsråd opnar munnen for å forklare seg.
At regjeringa gjer det best når den går mot venstre er sjølvsagt ein konklusjon det går an å trekke ut til det meiningslause.
Det er ikkje regjeringas mangel på radikalistisk retorikk som let seg lese av når målingane går nedover. Det som manglar er truverdig venstresidepolitikk med vilje til å omfordele for å redusere klasseskilje og bygge ut velferden på nye og synlege område. Det er dette som er kjernen i regjeringas politiske problem. Det har eit namn, skatteløftet, og eit andlete, Jens Stoltenberg. Utan at regjeringa tør å bryte Jens Stoltenbergs prinsipp i skattepolitikken, vil klasseskilja halde fram å auke dei rike vil halde fram å verte rikare, medan presset på velferdstilboda vil auke utan at løyvingane held følgje. Ein raudgrøn allianse utan klåre visjonar for å bygge opp velferdstilbodet og bygge ned klasseskilja, kan ikkje vente å halde på lojaliteten til det store fellesskapsorienterte veljarfleirtalet i Noreg. Då nyttar det lite at opposisjonen sjølvsagt er verre, og at dei fleste nok gjettar på at Erna Solbergs kanskje overdriv sin personlege entusiasme for velferdsstaten og arbeidarrørslas klassekamp.
Tre felt peikar seg ut som særleg gode arbeidsområde for ei regjering som vil endre Noreg og samstundes plassere høgresida på sidelinja: I bustadsektoren har marknadskreftene fått sleppe fri og ført med seg prisgalopp og bustadmangel. Omfattande utbygging av offentlege utleigebustader med låg og stabil pris kan vere det første området regjeringa tek fatt i for å vise vilje til styring. Arbeidslivet der sosial dumping og maktkonsentrasjon i hendene på sjefar med stadig mindre bakkekontakt, kan vere det neste. Eit klårt nei til ravande gale EU-direktiv, og ein systematisk politikk for å auke fagrørslas makt og demokratisere arbeidslivet, vil minne mange om at det gamle skiljet mellom arbeid og kapital endå finst, og at regjeringa har vald side med vanlege folk. Ei synleg utbygging av velferdsstaten kan byrje med å gjere tannhelsa til ein del av folketrygda, like viktig er eit generaloppgjer med stoppeklokker og skjemavelde, og for retten til faste og heile stillingar i det offentlege.