Thorstein Hyl held rappekurs, medan Maria Parr og ein drøss andre forfattarar kjem til Stord.

mm

I dag, måndag, opna den nynorske barnelitteraturfestivalen Falturiltu i verdas største nynorskby.

Det blir presentert meir enn berre barnelitteratur. I Raltura-programmet blir det fest for vaksne med både Ragnar Hovland, festivaldiktar Hans Sande og Selma Lønning Aarø mellom deltakarane.

– I år har poesien kanskje ein spesiell plass i av programmet. Ungdomsskuleelevar skal få gå på rappekurs med Runar Gudnasson, alias Thorstein Hyl frå Side Brok. I tillegg skal både kulturskuleelevar og musikkstudentar komponere eigne låtar til dikt. Elles er litterære illustrasjonar eit tema for både skuleelevar og studentar på høgskulen, fortel Hege Myklebust, prosjektleiar for festivalen, til LNK-avisa.

Her ser du heile programmet!

Frå videoen til Side Brok – Drit Å Gjer:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

Kommentarar

ANNONSE