Inn i framtida med Robyn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det store tenåringsgjennombrotet
Den 12. juni 1979 vart jenta som seinare skulle kalle seg Robyn, fødd. Ho heiter eigentleg Robin Miriam Carlsson og voks opp i Stockholm i Sverige. Begge foreldra hennar jobba med teater, og då ho var unge, var Robyn med i teaterstykke og film. Som 12-åring opptredde ho på tv-programmet Söndagöppet, og song inn tittelmelodien til sportsprogrammet Lilla sportspegeln.

Men det var den svenske popstjerna Meja som «oppdaga» Robyn – det vil seie ho sette henne i kontakt med sitt eige management. Då Robyn var 15, skreiv ho kontrakt med plateselskapet RCA Records. Året etter kom singelen «You've Got That Something» (1995) – og oppfølgjaren «Do you really want me (Show respect)», som vart ein kjempehit i både Sverige og Noreg. Albumet «Robyn Is Here» kom året etter.

Om Robyn var ein 16-åring med svært stor suksess i 1996, var det ingenting samanlikna med det ho opplevde året etter. Debutalbumet vart lansert i USA, og to av tre singlar som vart sleppte, fekk topp 10-plasseringar. Dei tre singlane selde til saman 1,5 millionar eksemplar berre i USA. Same år skreiv Robyn ein song til svensk Grand Prix som heitte «Du gör mig hel igen».
    
Skandinavisk suksess
Robyn sitt andre album, «My Truth» (1999), var sterkt kritikarrost – og blir omtala som det mest sjølvbiografiske albumet. Men tekstene til Robyn er jamt over fritalande og ærlege; ho har sunge om tema som einsemd og sjølvstende i heile karrieren. Singelen «Electric» vart populær over store delar av Europa, men trass i dette ville ikkje plateselskapet lansere albumet i USA fordi dei meinte det mangla hits.

Etter utgjevinga av «My Truth» jobba Robyn mindre med musikk ei stund; ho var blant anna UNICEF-ambassadør. Ho fekk Karamelodiktstipendiet i 2000. To år etter bytte ho plateselskap til Jive Records og gav ut albumet «Don't Stop The Music». Også dette hadde populære singlar og selde godt i Europa, men fekk ikkje lansering i USA. Sommaren 2003 la Robyn ut på ein turné som fekk svært positiv omtale.

Robyn blir elektropopdronning

Etter at plateselskapet nekta å lansere dei to siste albuma til Robyn i USA, tapte ho eit stort publikum, og i 2004 bestemte ho seg for å seie opp kontrakten. I staden starta ho sitt eige selskap, Konichiwa Records. I mars 2005 var Robyn sin første singel «Be Mine!» klar. Denne gongen var lydbildet eit ganske anna; Robyn laga framleis popmusikk, men med tydeleg smak av elektro. Albumet, som ganske enkelt heitte «Robyn», kom månaden etter og selde svært godt. Før utgjeving i Storbritannia gav Robyn ut smaksprøve-ep-en «Rakamonie EP» (2006). I tillegg til førstesingelen var også «Handle Me» og «With Every Heartbeat» store hits og nådde toppen av hitlister i fleire land. Ho fekk tre svenske Grammy-prisar for albumet i 2006.

I 2008 var Robyn oppvarming for Madonna på konsertane hennar i Europa. Året etter song ho på Röyksopp-hiten «The Girl And The Robot», og vann Grammy for beste live-opptreden. Men Robyn fekk sitt verkeleg store oppsving i 2010. Det nye albumet «Body Talk» vart spelt inn og gjeve ut i tre delar – i april, september, og no i november. Dei to første utgjevingane fekk mykje omtale og ros; Robyn var blant dei heitaste namna festivalsommaren 2010, både i Europa og USA. Dette kom til ei viss grad av førstesingelen «Dancing On My Own», som vart ein kjempehit. Både del 1 og 2 av albumet er fullstappa med vemodig, dansbar musikk – det er berre å gle seg til del 3.

Robyn 'Dancing On My Own' (Official Video) from Robyn on Vimeo.

Faktaboks

Musikktips for november
Phyllis Dillon – Perfidia (frå samlealbumet «Rock Steady Beat»)
Richard Cheese – Butterfly (frå albumet «I'd Like A Virgin»)
Of Montreal – Like A Tourist (frå albumet «False Priest»)
Arthur Russell – That's Us/Wild Combination (frå albumet «Calling Out Of Context»)
…og alt Robyn har gjeve ut på Konichiwa Records