Agent 120911: Med rett til å stemma

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Agent 120911 for meir demokrati

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) har fått 1.488.400 kroner av Kommunal- og regionaldepartementet til kampanjen ”Stem 12. september 2011”. Målet er å få fleire unge engasjerte i politikk og til å røyste ved valet neste år.

– Det er viktig å få opp det politiske engasjementet blant ungdom. Eg meiner prosjektstøtte til LNU vil auke engasjementet blant unge. Berre 33 prosent av førstegongsveljarane nytta røysteretten ved førre lokalval. Eg vil ha fleire unge til valurnene, seier kommunal- og regionalminisiter Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

Leiar av LNU, Bjarne Dæhli er glad for støtta. Han trur politikarane må tilpassa seg når 16- og 17-åringar får stemma.

– I enkelte kommunar vil ungdom utgjera fem prosent av veljargrunnlaget, så når 16- og 17-åringar har politisk makt, må politikarane også snakka om desse sakene, seier han til LNU.no.

Demokratiagentar
Gjennom å utdanne såkalla ”demokratiagentar” ønskjer LNU å nå ungdom på ein effektiv måte. Demokratiagentane er ungdommar som skal stå i første rekkje i kampanjen ”Stem 12. september 2011”. Agentane skal rekrutterast lokalt frå ungdomsorganisasjonane, ungdomsråd, elevråd og uorganisert ungdom.

Agentane skal engasjere ungdom i valet gjennom ei rekkje aktivitetar. Dei skal setje saker ungdom er oppteken av på dagsorden, arrangere besøk med foredrag i klassar, stands på kjøpesenter, større debattar og etablering av møteplassar mellom ungdom og lokalpolitikarar.

Demokratiagentane skal gjennomføre lokal aktivitet i samarbeid med andre lokale aktørar. Merksemd vil særleg bli retta mot dei  20 kommunane som deltek i forsøket med røysterett for 16- og 17-åringar.

Startar nettside
LNU får også støtte til ei kampanjenettside som skal vere eit viktig hjelpemiddel for kommunar og andre som vil skape engasjement blant unge veljarar.

– Vi må gjere det vi kan for å engasjere dei unge i samfunnsspørsmål. Forsøket med nedsett røysterett gjev unge mulegheit til å påverke politikken. Dei får dermed også ein god grunn for å engasjere seg. Såleis er tiltaka LNU har foreslått lovande. Det er ei god blanding av ny teknologi og gamle metodar som gjer at ein kan møtast for å diskutere politikk og samfunn andlet til andlet slik ein har gjort i uminnelege tider, seier Navarsete.