Nei til oljeboring i nord!

Fredric Holen Bjørdal
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I kommentaren ”På trynet klimapolitikk” går Peder Slettebø frå Unge Høgre til angrep på AUF. Dette er eit svar til Slettebø frå sentralstyremedlem i AUF, Fredric Holen Bjørdal.

Peder Slettebø frå Unge Høgre nyttar ei rekkje påstandar og kraftuttrykk mot AUF når han skriv om vårt nei til oljeboring i nord, og mellom anna hevdar at vår klimapolitikk er ”på trynet”. AUF har lenge sagt klårt og tydeleg nei til oljeboring utafor Lofoten, Vesterålen og Senja, fordi vi meiner det er framtidsretta og god miljøpolitikk, og fordi det vil vere uansvarleg å opne for meir oljeboring no. Kraftsalvar og flosklar frå Unge Høgre vil neppe endre på dette synet.

Eit ja til oljeboring i nord vil vere eit ja til auka CO2-utslepp, både frå norsk sokkel og frå all oljen vi hentar opp og sel til andre land. Dei siste 40 åra har oljeindustrien fått bore i alle felt dei har peika på, og no meiner AUF at det er på tide å setje grensar for denne industrien.
Utfordringane og problema til oljeindustrien unnlatar Slettebø konsekvent å nemne i sitt innlegg, og vel i staden å glorifisere oljeboring og snakke om at norsk oljeutvinning er mest miljøvennleg i verda.

Slettebø viser med sitt innlegg at Unge Høgre har urovekkjande låg kompetanse når det kjem til klima- og miljøspørsmål. Å opna for oljeboring i nord vil vere eit stort trugsmål for naturen, og dermed også for miljøet. Områda utafor Lofoten, Vesterålen og Senja er særs sårbare. Økosystema og artsmangfaldet ein finn her, er unikt i verdssamanheng, og turistar frå heile verda kjem til desse områda for å oppleve den vakre arktiske naturen. Verdas største torskebestand lever i Lofoten, saman med mange andre fiskeartar vi ikkje har råd til å miste. Seismikkskyting, som er ein del av oljeboringsprosessen, vil skremme bort fisken, og gjere livet vanskelegare for dei tusenvis av nordnorske fiskarane som livnærar seg av fiskeri.

Oljekatastrofen i Mexicogulfen tidlegare i år gjorde at heile verda, openbert med unntak av Unge Høgre, fekk auga opp for kor dramatiske konsekvensane av oljeutvinning kan vere. For Nord-Noreg vil eit oljeutslepp vere destruktivt. Det vil øydeleggje økosystema, slå ut fiskebestandar, ta knekken på sjøfuglane og det vil vere kroken på døra for både fiskeri- og reiselivsnæringa i landsdelen. Sjølv om det er ein låg risiko for slike oljeutslepp, viser både hendinga i Mexicogulfen og andre oljeutslepp at det får enorme konsekvensar og ringverknadar. Det er ingenting som heiter risikofri oljeutvinning, og faren for små og store oljeutslepp vil alltid vere til stades.

LES SISTE KLIMANYTT!

Oljeressursane vil ikkje vare evig, men kjem på sikt til å ta slutt. Difor er det viktig at vi allereie no har fokus på kva vi skal leve av etter olja. Det hjelp ikkje å ha 3000 milliardar på bok viss vi ikkje greier å tene pengar og dekkje energibehovet på nye måtar, då vil oljefondet vere oppbrukt på kort tid. For å sikre den velferda vi har i dag, og at generasjonane etter oss får det like bra som vi har det, er vi nøydde til å ta grep no, og tenke langsiktig. Då må vi vri fokuset over frå oljeboring, og heller sjå på alle andre moglegheiter vi har i Noreg, ikkje minst i nord. AUF meiner at Nord-Noreg har eit stort, uutnytta potensiale. Ikkje eit potensiale for oljeutvinning, men eit potensiale til å bli eit reisemål i verdsklasse og ein føregangsregion på fornybar energi, marin teknologi og ein grøn kunnskapsindustri. Å satse på dette er å tru på framtida, og det vil ikkje nytte å møte framtida med fortida sine løysingar, slik Unge Høgre gjer med sitt ønskje om stadig meir oljeboring.

Det er ikkje nødvendigvis slik at ein gradvis nedtrapping av norsk oljeutvinning vil føre til massearbeidsløyse og nedlegging av industri. Eit godt døme er Aker Verdalen. Dette selskapet produserte understell til oljeplattformar, men har no funne ut at denne teknologien kan overførast til produksjon av havvindmøller. Dagens kunnskap om oljeutvinning må overførast til fornybar energiproduksjon. Løysinga er å stimulere til omstilling i norsk industri, slik at ein kan satse fornybart. AUF vil ha ein industri som er så nyskapande, framtidsretta og miljøvenleg som råd. Dette er ikkje gjort over natta, og difor vil heller ikkje AUF stoppe all oljeboring i morgon. Men vi må anerkjenne at det er stadig mindre olje att i verda. Oljeproduksjonen vil gå nedover i åra som kjem, og energibehovet må dekkast av nye energiressursar. Noreg kan anten velje å satse, og vere med på å utvikle det framtidige generasjonar skal leve av, eller vi kan henge etter, og møte veggen den dagen olja tek slutt.