Med stjerner i sikte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namn: Magnus Axelsson
Alder: 28
Yrke: Astrofysiker
Arbeidsplass: Institutt for teoretisk astrofysikk, UiO

Kvifor valde du dette yrket?

– Interessa for fysikk byrja seint på vidaregåande. Eg gjekk på biblioteket for å finne bøker om Einstein og relativitetsteoriane hans, men skjønte ikkje så mykje då. Det inspirerte meg til å studere faget vidare, og draumen var ein dag å få studere relativitetsteori og då skjønne alt.

– Eg er opphavleg frå Sverige, men fekk ein norsk kjærast, noko som enda med at eg flytta hit. Kjærasten min har alltid vore veldig flink på skulen, og fekk meg inn på tanken om å byrje på universitetet, såg då vart det slik. Fysikken var vanskeleg til å byrje med, men etter kvart fekk eg meir og meir grep på det. No er eg stipendiat her på Universitetet i Oslo.

Kva for arbeidsoppgåver har du på ein vanleg dag?

– Eg driv med dataanalyse, det vil seie at eg ser på data vi tek inn frå satellittar og samanliknar dei med ulike teoretiske universmodellar, som prøver å skildre det universet vi lever i. Det finst små teikn på at universet ikkje er heilt slik vi trur, så akkurat no testar vi data opp mot ein litt annleis universmodell.

Frå satellittar får vi inn temperaturkart over himmelen. Dei kosmologiske signala som vi ser på karta er forstyrra av ikkje-kosmologiske signal frå vår eigen galakse, såg for å få gode estimat av dei parametrane som skildrar universet, må vi fjerne desse forgrunnane. Akkurat no driv vi med nye metodar for å gjere dette.

Sidan eg er stipendiat må eg òg undervise, så eg har undervist både nybyrjarkurs og meir avanserte kurs.

Kva for ei utdanning og/eller kvalifikasjonar er naudsynt for å bli astrofysikar?

– Du treng ein bachelorgrad frå til dømes FAM-programmet (fysikk, astronomi og meteorologi) og ein mastergrad. Eg har master i teoretisk fysikk, men du kan òg ta astronomi. Skal du ha ein akademisk karriere som astrofysikar, må du òg ha ein doktorgrad. Du kan likevel få gode jobbar i næringslivet med ein master. Som astrofysikar bør du kunne samarbeide og kommunisere med folk, då vi ofte jobbar fleire saman i prosjekt.

Kva er det beste med yrket ditt?

– Eg likar veldig godt at å sjølv kunne styre arbeidsdagen sjølv. Eg har ingen sjef i vanleg forstand, det er mykje fridom under ansvar. Det passar bra for meg, som til dømes likar å stå opp litt seinare, og heller jobbe lenger ut på dagen.
Eg jobbar med det eg er interessert i, og tileignar ny kunnskap som ikkje har vore kjent før. Dette motiverer.

– Kosmologi er eit ungt felt, og eksperiment som gjev gode data har ikkje eksistert så lenge. ESA (Europeiske Romorganisasjonen) sende opp Planck-satellitten for nestan éit og eit halvt år sidan. Denne satellitten skal gje oss data med høgare presisjon enn tidlegare, og om nokre år når desse dataa blir tilgjengelege, kan vi forvente å oppdage mykje nytt. Det er veldig spennande, og kan samtidig gje framtidige kosmologar meir å jobbe med.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

– Det kan gå veldig treigt i blant. Vi driv jo med dataanalyse, så sjølv om ein forstår teorien, kan det vere eit problem i dataprogrammet som tek lang tid å løyse. Det kan vere frustrerande. Prosjekta blir aldri ferdig på ein-to-tre, det er ein lang og nøysam prosess. Alt må testast om og om att. Man kan ikkje publisere noko som viser seg å vere feil.

Kva for andre arbeidsområder/høve finst innanfor yrket ditt?

– Det er mange høve. Med ei master har du brei kompetanse; du blir trena i matematikk, IT og programmering, modellbygging og testing av modellar. Du lærer i tillegg å tenkja kritisk og abstrakt og kan dermed takle dei fleste problema. Du kan til dømes bli lærer i vidaregåande, eller jobbe innan ulike typar næringsliv.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

– Har du ein doktorgrad og jobbar i privat næringsliv, byrjar du kanskje eit stad mellom 500.000 og 600.000 kroner i året. I akademia er ikkje lønt like høg – ein postdoktorstilling ligg på rundt 460.000 kroner i året i byrjarløn.

Korleis ser du på sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Dei er veldig gode. Du har brei kompetanse og mange høve. Det er likevel vanskelegare om du vil fortsetje innan akademia, der mange er flinke og det er mange om beinet. I Noreg har vi di verre berre éit reint institutt for astrofysikk. Innan industri og privat næringsliv er det mange høve, sidan høg kompetanse innan realfag er ettertrakta.