For smart til å gå på yrkesfag?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er eit paradoks at framtida treng fleire utdanna fagarbeidarar samstundes som politikarane tydelegvis ikkje prioriterer dette i skulen. Me krev respekt for yrkesfag. Då må det i tillegg startast opp tilbod, framfor at det blir lagt ned. Rådgjevingstenesta må også styrkast slik at ikkje elevar med gode karakterar blir råda til å gå på studiespesialisering og elevar med dårlige karakterar blir råda til å gå på yrkesfag, seier Andreas Halse, fagleg leiar og sentralstyremedlem i Sosialistisk Ungdom.

– Mangel på respekt
Halse kjenner sjølv ein som fekk gode karakterar på skulen, og fekk beskjed frå rådgjevaren på skulen at han var for smart til å gå på yrkesfag.

– Det vitnar om mangel på respekt for dei som går på yrkesfag, og skal gjera dei tyngste jobbane i samfunnet vårt.

Sosialistisk Ungdom (SU) støttar Fellesforbundet i kravet om lovfesting av læreplass. SU går inn for dette både i offentleg og privat sektor.

Fleire lærlingar
Per 1. oktober var det formidla 12.203 læreplassar, det tilsvarande talet i 2009 var på 11.431. Ein stor del av desse er formidla ut frå søkarane sine førsteønske 10.883.

– I alle fylkeskommunar blir det no arbeida aktivt for å auke talet ytterlegare, og kvar einaste dag blir nye ungdomar sikra ein læreplass. Det er først gjennom tala for november me får eit sikrare bilete på kor mange læreplasser som blir oppretta denne hausten, seier Lisbet Rugtvedt, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, til Framtida.no.

– Finanskrisa i fjor ramma mange føretak hardt, òg føretak som normalt etterspør mange lærlingar. Difor fall talet påviseleg i 2009. Men mengda nye læreplassar no i 2010 viser at vi på berre éit år er i ferd med å ta igjen heile fallet frå kriseåret.

Utgreier rett til læreplass
Statssektretæren lovar samstundes å setja i gang ei utgreiing av rett til læreplass i løpet av hausten.

– Ingen føretak skal tvingast, men vi er nøydde til å sjå på korleis høvet for å fullføre eit opplæringsløp ein har byrja på kan sikrast betre. I einskilde tilfelle viser det seg umogleg å finne læreplass til elevane. Vi skal difor òg sjå nærare på det alternative skoletilbodet for desse – og vurdere andre løysingar.