Kjempar om Brageprisen

Fengsla handlar om unge jenters testing av grenser knytt til seksualitet, kjensler og fornuft.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den kritikarroste og prisvinnande forfattaren Hilde K. Kvalvaag har fått svært god mottaking for den siste ungdomsboka si, Fengsla. No er boka Brageprisnominert i kategorien beste barne- og ungdomsbok. Handlinga i boka finn stad mellom anna på ei fengselsøy, og fengselet på Ulfsnesøy i Hordaland er brukt som modell for staden.

Hilde K. Kvalvaag seier dette om å skrive om ungdom:

– Det er spennande å skrive om og for ungdom. Å vekse opp er dramatisk. Opplevingar vert så sterke fordi dei opplever det for første gong.  Grenseoppgangar vert så tydelege og det kan vere knytt til rus, sex og andre ting.  Hovudpersonane i boka mi Fengsla går eit godt stykke over grensene.

Dei andre bøkene som er nominerte i klassen for beste barne- og ungdomsbok:

Bjørn Arild Ersland: «Fengslet; En bok om å sitte inne» (Omnipax  forlag )
Nina Elisabeth Grøntvedt: «Hei, det er meg!» (Omnipax  forlag )
Ingeborg Kringeland Hald: «Albin Prek» (Mangschou Forlag)

Sjå dei nominerte i dei andre klassane, og grunngjevinga til juryen!