Kva har FrP-Siv og Paradise-Carl til felles?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva har FrP-Siv og Paradise- Carl til felles?

Både Siv Jensen (FrP) og Carl Eliassen frå Paradise Hotel støttar Operasjon Dagsverk i 2010. Årets kampanje skal gå til ungdom i slumstrøk i seks brasilianske storbyar. Gjennom OD-kampanjen skal dei få betre utdanning og høve til å påverka korleis byen deira skal vera.

Livet kan vera beinhardt for fattig ungdom i brasilianske storbyar. Born heilt ned i 10-årsalderen blir rekruttert som væpna soldatar for dei store narkotikabandane, og kring 40.000 unge blir drepne av handvåpen kvart år.

LES OGSÅ: Ein skal høyra mykje rart!

Torsdag 28. oktober er den offisielle OD-dagen. I år er nær 670 skular med på OD. Det er fleire enn i fjor.

Sjå videoen der Petter Stordalen, Carl Eliassen og Knut Nærum støttar OD:


Eller sjå videoen der dei tre partileiarane Kristin Halvorsen (SV), Siv Jensen (FrP) og Erna Solberg (H) støttar OD:

 

Faktaboks

BRASIL
Folketal: 201,1 millionar
31 prosent lever under fattigdomsgrensa. Brasil er eit av landa i verda med størst forskjell på fattig og rik.

Cirka halvparten av ungdom i alderen 17–29 år har ikkje fullført grunnskulen. Nesten kvart tredje barn mellom 10 og 17 år er i arbeid, truleg er mange også yngre.

Talet på drap har gått noko ned sidan 2003, då det blei innført ei streng våpenlov. Likevel er talet drepne ungdommar mellom dei høgaste i verda. I 2004 blei éin av tusen gutar mellom 15 og 24 år drepen i Brasil, ifølgje WHO.

Les meir om kriminalitet i Brasil på Wikipedia!