Elektrikarlærling Åshild Mari Kjosvatn føler at ho har valt rett yrke. Høva er mange for å spesialisere seg i faget.

Gry Gaard, Utdanning.no
Gry Gaard, Utdanning.no

Namn: Åshild Mari Kjosvatn
Alder: 19 år
Utdanning: Vg1 elektrofag, Vg2 Automatisering på Nordkjosbotn vidaregåande og Vg2 Elenergi ved Tromsø maritime skulen.

Kor lang er utdanninga?

– Eg valde å leggje opp eit studieløp med mange høve. Etter elektrofag fortsette eg med automatisering på Nordkjosbotn vidaregåande, fordi det er det einaste staden i Troms som har dette tilbodet – men det er ikkje naudsynt for å bli elektriker. Då eg flytta til byen valde eg å ta Elenergi ved Tromsø maritime skulen.

– Eg er no ute i praksis som elektrikarlærling hos føretaket YiT og opplæringa varar i 2,5 år.

Kvifor valde du denne utdanninga?

– Eg var nok litt skulelei og ville gjere noko praktisk akkurat no. At eg valde elektronikk til å byrje med var nok litt tilfeldig, visste ikkje eingong heilt kva det var då eg gjekk i på ungdomsskulen. Det var etter råd frå rådgjevar på skulen, faktisk mora mi, som gjorde at eg byrja å interessere meg for dette faget.

– Eg er glad i realfag og var så heldig å få hospitere ved Nordkjosbotn vidaregåande, det var nok det som gjorde at eg avgjorde meg for denne utdanninga.

Kva er opptakskravet?

– Det varierer nok frå år til år, men automatisering er det jo få plassar på, så her er nok opptakskravet ganske høgt.

Korleis er utdanninga lagt opp?

– Dei første åra er det mykje teori, men litt praktisk òg. Forutan fellesfaga har vi faga automatiseringssystem, elenergisystem, data- og elektronikk første år, og mykje av det same på Vg2. Det er realfag, men det er ikkje veldig vanskeleg realfag.

– Eg har òg teke fordjuping i realfag på allmennlinja for å ha høvet til å studere vidare til elektroingeniør.

Kva likar du best med utdanninga?

– Akkurat no er eg glad for å gjere noko praktisk. Det er mykje nytt og ulikt kvar dag, nye utfordringar, eg blir ikkje lei. Det er ganske bra tariff for lærlingar i bransjen, og ein kan sjå fram til ein jobb med ei grei løn når ein er ferdig. Men det viktigaste er at eg gjer noko eg trivst med og følar at eg har valt rett. Utdanninga gjev mange høve for spesialisering vidare innan automasjon, som elektrikar osb

Det vondaste med utdanninga?

– I grunnen ingenting. Det er mykje realfag, men ingen burde bli avskrekka frå å byrje på elektro, på grunn av at det er mykje teori. Det viktigaste er at ein er teknisk interessert.

Kva for personlege eigenskapar er viktige for denne utdanninga?

– Ein må som sagt ha teknisk interesse og forståing, men ein må ikkje vere nokon ekspert før ein byrjar. Det hjelper jo om ein likar realfag, det er berre å prøve om ein trur dette kan vere rett utdanning for seg. Hospitering er jo ein grei måte å finne ut av det på.

Kva kan du jobbe med når du er ferdig utdanna?

– Eg kan velje å jobbe som vanleg elektrikar eller studere vidare til å bli elektroingeniør. Det er gode høve for å få jobb i oljeindustrien offshore eller til dømes i Hammerfest. Man kan òg bruke yrkesutdanninga til å bli lærar innan elektronikk, vaktmeister og mykje meir. Det er bra å ha mange høve til å endre jobb, for yrket kan innebere belastningar og det er difor få som jobbar som elektrikar livet ut.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28
ANNONSE