Blikket frå Bergen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei filmane eg har vore med på å produsere, kunne vanskeleg vore laga i Oslo, seier Terje Tvedt, geografiprofessor ved Universitetet i Bergen. I mange år har han vore ein streng kritikar av norsk bistands- og utanrikspolitikk, ikkje minst som medskapar av fem dokumentarfilmar i samarbeid med TV 2, frå Leie­diplomatene (2003) til En dråpe luksus? som kom i haust. Dei andre filmskaparane er Anne Marie Groth, Robert Reinlund og Per Christian Magnus. I dag blir alle filmane viste under Bergen Internasjonale Filmfestival, med tilhøyrande seminar.

– Siktemålet med alle filmane har vore å avkle norske verds­bilete, sjølvbilete og dominerande tenkjemåtar. Slik sett utgjer dei ei samanhengande forteljing, seier Tvedt. Og han meiner altså at avstanden til Oslo har vore ein føresetnad for å lage denne krasse forteljinga.

Manglar distanse
– Nesten alle organisasjonane og institusjonane innanfor det eg kallar «det bistandspolitiske komplekset» held til i Oslo: hundrevis av organisasjonar, forskingsinstitusjonar, departementa, Norad, heile pakka. Også NRK definerer seg som ein bistandsorganisasjon ved å gjere seg ansvarleg for bruken av hundrevis av millionar kroner gjennom dei årlege innsamlingsaksjonane. Journalistikken til NRK på dette feltet har ikkje vore kritisk, men vore med på å produsere mytar i bistandsepoken, seier Tvedt.

– Det er snakk om eit svært stort miljø med sterk meiningsmakt som driv med politikk- og ideologiproduksjon. Det er vanskeleg å skaffe seg tilstrekkeleg distanse, og nokre av dei meste sentrale norske journalistane er òg aktive deltakarar i det bistandspolitiske komplekset. I eit slikt miljø blir konformitetspresset stort, og rommet for å tenkje kritisk og uavhengig blir svært trongt.

– Meiner du dette er eit allment fenomen? Den no nedlagde Dokument 2-redaksjonen til TV 2 var vel ikkje generelt meir kritisk enn Brennpunkt-redaksjonen i NRK?

– Nei, det vil eg ikkje hevde. Men når det gjeld utanriks- og bistandspolitikken, er det ikkje tvil om at det har vore ein skilnad. Du kan ha einskilde kritiske innslag om sider ved bistanden i NRK, men dei har ikkje laga slike grunnleggjande forteljingar om kva som faktisk har skjedd bak den kvelande godheitsretorikken som det Dokument 2 har gjort.

Ingen vaksine
– Det å ha hovudkvarter i Bergen er ingen vaksine. Journalist Per Christian Magnus, som du har samarbeidd med om fleire dokumentarfilmar, har sagt: «Jeg har selv sittet på desken på TV 2 i mange år og sett at Røde Kors og FN uten videre får komme på lufta fordi vi tror på dem uten å stille kritiske spørsmål.»

– Nei, ein blir sjølvsagt ikkje automatisk kritisk av å flytte på seg. Men eg trur det er symptomatisk at TV 2 satsa på desse programma, medan NRK ikkje ville. I Bergen var det journalistar med guts og uavhengigheit nok til å blottstille nasjonale mytar på dette feltet.

– Meir allment: Korleis er rammevilkåra for å lage kritisk dokumentarfilm i Noreg i dag? Det er dyrt å lage gjennomarbeidde dokumentarar, og det er nesten umogleg å lage dei utan ekstern pengestøtte?

– Vilkåra blir dårlegare og dårlegare. Og det var svært uheldig for den kritiske dokumentarfilmen i Noreg at TV 2 la ned Dokument 2-redaksjonen sin. Men det står dystert til med kritisk journalistikk i det heile. Det vi får, er stadig meir kommentarjournalistikk, meiningsjournalistikk, fordi det er billeg å produsere. Å undersøkje noko skikkeleg tek mykje lenger tid.

– Men om TV 2 ikkje hadde brukt alle pengane sine på fotballrettar, kunne dei vel hatt råd til å halde på Dokument 2-redaksjonen?

– Det kan vere, men det veit eg eigentleg ikkje noko om.

Nervøse redaksjonar

Også advokatraslinga frå dei som kjenner seg truga av kritisk søkjelys, gjer det vanskelegare å lage skarpe dokumentarar, meiner Tvedt.

– Utviklinga er urovekkjande. Redaksjonane føler på dette presset. Når dei blir truga med søksmål, kan dei lett bli meir varsame, og det krev enda meir ressursar når ein må undersøkje sakene ikkje berre for å finne fakta, men òg for å sikre seg mot rettsforfølging. Erfaringa mi er at mektige aktørar har fått større rom for å bruke jussen som våpen mot kritisk journalistikk.

– Iblant undergrev vel dokumentarfilmmakarar òg sitt eige truverd. Med dei verkemidla ein rår over når ein lagar film, er det alltid fare for å bikke over i det tendensiøse?

– Somme vil sikkert seie det om filmane eg har vore med på å lage òg. Men vi har vore svært opptekne av å unngå den fallgruva. Vi har ikkje brukt suggererande musikk eller filma folk som sveitta i intervjusituasjonar. Målet har vore å avsløre tankemønster og strukturar, ikkje einskildpersonar. Personane er først og fremst interessante som døme på historiske trendar.

Ulikt mange akademikarar ser ikkje Tvedt noko grunnleggjande skilje mellom det å arbeide journalistisk og å arbeide vitskapleg.

– Mykje av diskusjonen om forsking og journalistikk byggjer på ei misforståing. Både ein artikkel for fagfellar og ein film for «folket» krev forsking, og at ein film er eit journalistisk produkt, endrar ikkje dette. Sanningskrava er ikkje mindre strenge i journalistikken enn i forskinga, om du skal gjere ordentleg arbeid. Krava er heller større når du lagar dokumentarfilm, fordi arbeidet ditt blir sett av så mange. Du kjem ikkje unna med noko, seier Terje Tvedt.

LES HEILE SAKA HJÅ DAG OG TID!