Treng fleire til årets viktigaste søndagstur

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sundag blir TV-aksjonen arrangert til inntekt for Flyktninghjelpen. Det er stor pågang for å gå med bøsse, men det er ikkje for seint å melde seg på.

Omlag 43 millionar menneske lever i dag på flukt frå krig og konfliktar.

Bli med på årets viktigaste søndagstur!
Målet for årets TV-aksjon er å samla inn mest mogleg pengar som skal hjelpe menneske på flukt frå krig. For å få til dette, er ein avhengig av at mange frivillige bidreg.

SPEL: Sjå korleis det er å vera flyktning!

– Me treng alle bøssebærarar me kan få. Dette er eit flott høve til å gjere ein innsats for menneske som er på flukt frå krig, seier aksjonsleiar Christine Svanæs i ei pressemelding.

Stort behov i byane
Det er spesielt i byane at trongen for bøssebærarar er stort.

– Mange tenkjer nok at det ikkje er behov for innsatsen deira sidan det er så mange som vil gå. Det stemmer at me opplever stor pågang, men me treng absolutt alle me kan få, seier Svanæs.

Video: Ikkje alle bøssebærarar er som andre!