Slik blir du dommar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namn: Tine Kari Nordengen
Alder: Er i førtiåra
Yrke: Dommar i fyrsteinstans
Arbeidsplass: Oslo Tingrett

Kvifor valde du dette yrket?

– Som advokat likte eg alltid å vere i retten. Eg ville jobbe med praktisk konfliktløysing og som dommar får eg både ein litt teoretisk jobb, og lov til å jobbe med mennesker.

Kva arbeidsoppgåver har du i yrkeskvardagen din?

– Eg behandlar sivile sakar og straffesakar. Stort sett er eg i retten, høyrer på sakane og avgjer sakane i ein dom. I sivile sakar kan eg vere med på rettsmekling mellom partane.

Kva utdanning og kva kvalifikasjonar må til for å verte dommar?

– Før måtte ein ha juridisk embedseksamen, no må ein ha ein Masters of law. Og ein må ha minst 10 år med yrkeserfaring som jurist. Eg har jobba i forvaltninga, som dommarfullmektig og som advokat, før eg fekk jobb som dommar for ti år sidan.
Som person må ein vere sterk og tørre å ta avgjerdsel og så må ein må ha ein god rettferdighetssans. Litt menneskekunnskap er óg bra å ha.

Kva er det beste med yrket ditt?
– At det er variert og sjeldan keisamt. Eg får jobbe innan alle typar rettsområde, og eg har ein meiningsfylt jobb.

Kva misliker du mest med yrket ditt?

– Til tider må ein ta tunge og vanskelege avgjerdsler. Ein ser ting som er psykisk belastande og det er til tider mykje stress.

Kva andre arbeidsområde/mogligheiter fins innanfor ditt yrke?

– Ein kan byrje som dommar i lagmannsretten og ein kan bli leiar, men det er få som sluttar i dette yrket, då sluttar dei som oftast for ein advokatjobb eller liknande.

Kva kan ein forvente i løn i dette yrket?

– Som dommar i tingretten får ein 807 000 kroner i året. I lagmannsretten får ein 848 000 og i høgsterett 1.362.0001.

Korleis ser du på sjansene for å få jobb innan dette yrket?

– Det er mange om beinet. Ein må ha den rette erfaringa og rett personleg innstilling i tillegg til gode karakterar frå universitetet.