Nektar å samarbeida med KrF

Ny AUF-leiar med klar melding.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eskil Pedersen (26) blei valt til ny leiar for AUF på landsmøtet denne helga. Pedersen fekk 175 røyster, Åsmund Aukrust 173. Det var òg to blanke røyster.

– AUF skal spele ei viktig rolle i den politiske debatten i Noreg. I tillegg skal vi jobbe for at den rødgrønne regjeringa finn forma og entusiasmen tilbake, seier AUFs nyvalgte leiar Eskil Pedersen, ifølgje AUF.no.

Ikkje KrF
Den nyvalde leiaren tok i landsmøtetalen sin eit kraftig oppgjer med kvar og ei form for flørt mellom Arbeidarpartiet og KrF:

– Me vil ikkje gje kunstig andedrett til eit parti som kallar abort for mord, sa Pedersen.

Han heldt fast på at den raudgrøne regjeringa var det einaste alternativet for AUF.

– Me gjer ikkje døra høg og porten vid for mindre toleranse. Vår krystallklare melding er at vi kjem aldri til å akseptere regjeringssamarbeid med KrF, sa Pedersen.

– Ingen draumedame
Elisabeth Løland, nyvalt leiar for KrFU, seier til NTB at AUF ikkje er draumedama til partiet.

– Me vil samarbeida med AUF i saker der me ungdommar kan pressa Stoltenberg i miljøsaka og for å auka fattigdomshjelpa. Dersom AUF ikkje vil samarbeida om nokon saker, er det miljøet og dei fattigaste som taper på det, ikkje KrF, seier Løland, ifølgje NTB.