Øl for fred

Det skal dei ha, kinesarane. Du skal vere både kreativ og kunnskapsrik for å vere sint på eit så lite og uvesentlig land som Norge.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei kinesiske reaksjonane på fredsprisen imponerer.

Det er veldig vanskelig å boikotte land. Det veit alle som har prøvd. Eg driv ikkje og boikottar land i tide og utide. Men midt på nittitalet var det eit veldig mas frå alle kantar om å boikotte alt fransk i protest mot atomprøvesprengingar.

Det er først når slikt skjer at du forstå kor lite kvardagen din er prega av Frankrike.

Kva skulle eg gjere for at franske styresmakter skulle forstå alvoret? Slutte å høyre på fransk hip-hop? Kutte heilt ut fransk humor? Slutte å følgje med på franske tv-seriar? Droppe den daglige gåseleveren? Takke høflig nei om eg for eksempel skulle få tilbod om å spele for eit norsk landslag mot Frankrike? Gå ut med venner og drikke øl i staden for fransk vin, som vanlig?

Det blei til at eg gjorde det siste. Ofte. Som vanlig. Dagen etter gjekk eg gjerne i butikken og spurde om dei hadde franske produkt. Så let eg vere å kjøpe desse produkta. Som vanlig. Eg tviler på om noko av dette gjorde særlig intrykk på franskmennene.

Og Frankrike er jo eit stort land. Stort og mektig, i alle fall om du spør franskmenn. Når det er såpass vanskelig å vere sint på eit så stort land, kor vanskelig må det ikkje då vere å vere sint på Norge?

Og det er derfor kinesarane imponerer no. Og det er nok også derfor ein del nordmenn kjenner seg perverst stolte av at kinesiske styresmakter anstrenger seg såpass for å få det til.

Å protestere mot Norge krev både innsats og kunnskap. Sær kunnskap. Noko av det første som skjedde etter at fredspristildelinga til Liu Xiaobo var kunngjort, var at kinesiske styresmakter avlyste eit møte med den norske fiskeriministeren Lisbeth Berg-Hansen. Det betyr at kinesiske styresmakter faktisk veit kven Lisbeth Berg-Hansen er. Det er meir enn ein kan seie om mange nordmenn.

Så blei Beijing-oppsetjinga av operamusikalen «Some sunny night» avlyst. «Some sunny night» er skriven av nordmannen Thomas Stanghelle og har Alexander Rybak i ei hovudrolle. Avlysinga blei kunngjort i Norge med følgjande overskrift i ei større nettavis: «Alexander Rybak uønsket i Kina». Og det tok cirka tretten sekund før nokre tusen vondsinna vittigperar på nettet hadde påpeikt at det ikkje nødvendigvis har noko med fredsprisen å gjere.

Dette viser at kinesiske styresmakter følgjer med. Ikkje ei bombe akkurat det, forsåvidt, slike regime har det med å følgje med. Men dette viser at dei følgjer betre med på både norsk politikk og norsk kultureksport enn mange nordmenn gjer.

Dei kunne sjølvsagt ramma oss der det rammar hardast og nekta å ete norsk fisk. Men om eg har forstått NRKs Asia-korrespondent Anders Magnus rett, så er kinesarane litt for glade i både fisk og handel til at det er særlig sannsynlig.

Og kva skal dei då gjere for å vise at dei er sinte på dette vesle landet i Europa? Oppfordre Kinas folk til å ikkje kjøpe den siste til Odd Nordstoga? Nekte kinesiske artistar å delta på Hove-festivalen? La vere å kjøpe inn «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» til kinesisk tv? Boikotte Røros-martnan?

Det kjennest godt at dei legg så mykje innsats i dette.

 Det kjennest nesten like godt som å drikke øl mot atomvåpen.

 

Denne kommentaren stod først på trykk i Dagsavisen 15. oktober.