I snart ti år har omgrepet klasse vore fredlaust i norsk politisk debatt.

Få har teke k-ordet i sin munn. Medan det knapt finst grensene for kva (minoritets)kulturelle uttrykk som kan vridast ut inn og hengast til tørk på framsida av landets tabloidaviser, har det dei siste åra sjeldan kome på tale å bruke spalteplass på noko så trivielt som klasse.

Men no er det i ferd med å snu. Verkelegheita nektar å passe med politisk korrekte forteljingar om at klasser er noko berre historikarar og vi marxistar treng bry seg med. Ei undersøking offentleggjort medan julivarmen enno gav von og trøyst her i landet, syner at to av tre nordmenn meiner at vi framleis lev i eit klassesamfunn. Kvar fjerde ser på seg sjølv som del av arbeidarklassen. K-ordet er i ferd med å gjere comeback.

Det burde ikkje overraske. Sjølv om klasseomgrepet har vore lyst i bann frå den politiske debatten, har sjølvsagt ikkje klasseskilja fordufta. 10 leveår skil Oslo aust frå vestkanten i same by. Dødens klasseskilje gjev ein reinhaldar ni år kortare levetid enn ein arkitekt. Medan overklassen held utbyttefest, har den fattigaste tidelen fått minka sin del av inntektene i samfunnet markert sidan midten av 1980-talet. Nyliberalt snakk om individualisering av arbeidslivet og veksten i kreative yrker der ”hjernekraft” ikkje klasseposisjon avgjer inntekter og levekår, står i grell kontrast til at uføretrygd er den raskast veksande sektoren i norsk arbeidsliv. Tre tiår med marknadsliberalisme har gjorde klasseskilja meir, ikkje mindre synlege, og ein ny klassedebatt meir, ikkje mindre viktig.

Aukande klasseskilje og større medvit om klasse bør føre til at vi som høyrer venstresida til girar om. Ulik fordeling av makt og mulegheiter mellom rik og fattig, vert ikkje mindre av at ingen tek k-ordet i sin munn. På same måte kan ikkje klasseskiljer reduserast utan at venstresida går frå frasar om ”meir til fellesskapet,” til å sjå utjamning av økonomiske og sosiale forskjellar som sitt fremste mål.

Venstresida må snakke om klasse. Og vere stolte av å føre klassepolitikk. K-ordet har vore flyktning i samfunnsdebatten altfor lenge. Denne hausten er eit godt tidspunkt for å gje det husly, kanskje finst det eit sosialistisk venstreparti med plass under taket?
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.28

Kommentarar

ANNONSE