– Ikkje vist liknande på ei scene før

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den hemmelege hagen er den 100 år gamle barnebok-klassikaren til Fraces H. Burnett. No er boka nydramatisert av Line Grünfeld. Regissør er Erik Ulfsby. Han har lånt form, musikk og karakter frå dataspela og tatt i bruk denne estetikken og formen til å skape eit heilt nytt teaterunivers på hovudscena til Det Norske Teatret. Premieren er i morgon, fredag 15. oktober.

– Ein estetikk og ein dramaturgi som denne har ein ikkje sett på ei scene før. Eg håper at dette vil treffa ungdom, seier regissøren og den påtroppande teatersjefen Ulfsby til Framtida.no.

Røyndomar å flykta inn i
Mary Lennox mister foreldra i eit jordskjelv i India. Ho blir sendt til slekta i England, men her er ho overlatt til seg sjølv. Ho loggar seg inn på pc’en og det einaste tidsfordrivet er spelet Hagen. Her treff ho Gartnaren, Colin, Dickon og sladrehanken Twitter. På same måte som dataspel, må ein kjempa seg gjennom ulike brett. Ho må slåst mot spøkelse, vampyrar og mørke monstre for å nå det øvste nivået i spelet, kalla Den hemmelege hagen.

Den hemmelege hagen vil mange seia er ei jentebok. Korleis er det med teaterstykket?

– Boka var nok ei jentebok, men i forestillinga vil det definitivt vera fleire maskuline element. Det er ein kvinnelege superhelt, men eg trur det jamnar ut forskjellane og er noko for både jenter og gutar her.

– Kvifor valde de å bruka dataspel som metode for å fortelja ei historie?

– Etter å ha lese boka, så meiner eg ikkje at den Den hemmelege hagen handlar om botanikk. Det er ei historie om sorg, og korleis ein finn seg ein røyndom å flykta inn i. I dag er det ofte i dataspel ein flyktar inn desse andre røyndomane.

Twitter går til scena
Hovudrolla blir spelt av Heidi Ruud Ellingsen, kjent frå Drømmerollen på NRK og rolla Kathy Selden i Singin’ in the Rain på Oslo Nye Teater.

Audun Sandem debuterer ved en Osloscene som Dickon og på scenen står Niklas Gundersen som ein høgst levande Twitter. Dette skal vera første gong Twitter manifisterer seg på ei teaterscene.

Andre sentrale skodespelarar i Den hemmelege hagen er Arlene Wilkes, Ingunn Øyen, Svein Roger Karlsen, Lars Funderud Johannessen, Sverre Solberg, Nina Woxholtt, Jon Eivind Gullord og Sigve Bøe.

Dataspelmusikk
Under heile framsyninga ligg eit lydspor som løftar gamle klassikarar til nye coverhøgder. Her finn du ein kollasj av musikk frå kjende og mindre kjende dataspel, feite symfoniske element og kjend musikk frå hip hop til R&B, rap og rock. Alle originale komposisjonar, programmering og lydeffektar er ved Atle Halstensen, Sigve Bull og Øystein Tengesdal.