Møt ein forskar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namn: Randi Ingvaldsen
Alder: 38 år
Yrke: Forskar/oseanograf
Arbeidsstad: Havforskningsinstituttet i Bergen

Kvifor valte du å bli forskar?

– Eg har alltid vore interessert i naturen, og visst at eg ville ta høgare utdanning. At det vart oseanografi var ikkje så gjennomtenkt, men eg ynskte å arbeide ganske praktisk med naturvitskap. På Havforskningsinstituttet arbeider vi nærare naturen enn det mange gjer på eit universitet.

Kva for arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

– Hovuddelen av arbeidet mitt er å analysere data og forsøke å sjå nye samanhenger. Eg analyserer måledata frå havet, som straumar og temperaturar, og freistar å svare på spørsmål som kva som styrar variasjonane i havet og korleis dei påverkar fisk og sjøpattedyr.

Vi rapporterer status i havet til relaterte departement, institusjonar og anna forskningsverksemd. Ein gong i året reiser eg på tokt. Då samlar eg inn gamle instrument og nye data. I tillegg har vi eit skip som heile tida overvaker til dømes temperaturen i havet.
Dessutan har eg ein del administrative oppgåver, som å planlegge møter, konferanser og tokt, møteverskemd og prosjektleiing.

Kva for utdanning og kvalifikasjonar er naudsynte for å bli forskar?

– Forskar er ikkje ein verna tittel, men for å få arbeid som forskar bør ein ha doktorgrad innanfor eit fag. Eg har doktorgrad i oseanografi frå Universitet i Bergen. For å bli ein god forskar må ein vere nysgjerrig og ha eit ynskje om å finne noko nytt. Evne til å tilegne seg teoretisk kunnskap og til å analysere er óg viktig å ha. Ein bør kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre. Dessutan vil ein som forskar måtte arbeide lenge for å få resultat, og ein bør difor vere uthaldande.

Kva er det beste med å vere forskar?

– Det beste med å vere forskar er sjølve forskningsbiten. Det er kjekkast når eg analyserer data og forstår noko nytt, som eg til dømes kan bruke til å predikere temperatur eller forstå kvifor utbreiinga av ein fiskeart er slik som den er.

Kva mislikar du mest med yrket ditt?

– Den administrative biten, med utfylling av diverse skjema og så vidare, kan vere kjedeleg.

Kva for andre arbeidsområder og moglegheiter finst inannfor ditt yrke?

– Ein forskar kan arbeide på universitet, eller i andre offentlege eller private forskningsinstitusjonar. Mange arbeider i privat industri, som oljeindustrien. Ein kan forske på omtrent kva som helst.

Kva kan ein vente i lønn som forskar?

– Det er avhengig av om ein arbeider i privat eller offentleg sektor. Ein som er tilsett i staten vil tene i frå 450 000 kroner i året og oppover. I det private tener ein meir.

Korleis vurderer du sjansane for å få jobb innan forskaryrket?

– Arbeidsmarknaden er avhengig av kva type forskar du er. For oseanografar er det godt med stillingar no, og spesielt for dei som arbeider med klima, slik som eg gjer, fordi det er veldig i tida.

SJÅ ANDRE YRKESINTERVJU!