Krev Xiaobo sleppt fri

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den kinesiske lektoren, skribenten og dissidenten Liu Xiaobo blei tildelt fredsprisen for 2010 for den lange ikkje-valdelege kampen hans for fundementale menneskerettar i Kina.

Sjå grunngjevinga til Nobelkomiteen!

For under to år sidan blei han pågripen i heimen sin i Beijing 8. desember 2008. Han blei ikkje offisielt arrestert før i juni, tiltalt for "å oppfordra til undergraving av statsmakta". Han hadde då vore heldt i husarrest i eit halvt år utan rettssak eller tilgang på advokat.

Amnesty International krev at Liu Xiaobo blir sleppt fri, og at han ikkje blir torturert eller mishandla. Dei krev òg at han får treffe familien sin og advokatar.

"Undergravande verksemd"
1. juledag 2009 blei han dømt til 11 års fengsel for "undergravande verksemd". Forbrytinga hans var å støtta Charter 08 som krev demokratiske reformar i Kina.

Lektor Liu Xiaobo har tidlegare vore tre år i ein arbeidsleir og fleire gonger blitt fengsla på grunn av måten han har praktisert ytringsfridomen sin og krav om fridom og demokrati.

I 1989 deltok han i opptøya på Den himmelske freds plass. Etter dette blei han fråtatt retten til nokonsinne å undervisa på universitetet igjen.