Kjøper dataspel for 2 millionar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anniken Huitfeldt går inn for å gje biblioteka to millionar kroner til innkjøp av norske dataspel til neste år. Det går fram av statsbudsjettet som blei lagt fram i dag, 5. oktober.

Allereie i fjor vinter starta arbeidet med innkjøp av spel til norske bibliotek. På den første nasjonale speldagen, arrangert av 50 norske bibliotek, gav regjeringa 260.000 kroner til innkjøp av spel til biblioteka.

– Dette er ein viktig og naturleg del av utviklinga til biblioteka. Det blei ramaskrik då film og teikneserier skulle lånast ut, men no er jo det naturlege deler av utvalet. Og då bør også dataspell høyra med, sa kulturminister Anniken Huitfeldt til Dagbladet den gongen.

LES ALT OM STATSBUDSJETTET!

Samla vil regjeringa auka kultursatsinga med 780 millionar kroner. Av dette går 643,7 millionar kroner til å oppfylla Kulturløftet. 135 millioner kroner går til auke i prosjektering av Nasjonalmuseet.
Hovudsatsingar og oppfølginga av Kulturløftet i 2011 er:

212 millionar kroner til meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar
60 millionar kroner til meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg
101,6 millionar kroner til scenekunst
48,1 millionar kroner i auke til musikk
16,2 millionar kroner i auke til visuell kunst, arkitektur og design
26,4 millionar kroner i auke til språk, litteratur og bibliotek
54,9 millionar kroner i auke til museum og kulturvern
14 millionar kroner til Arkivverket
32 millionar meir til bl.a. dokumentar, fjernsynsdrama og kinofilm
163 millionar kroner i tilskot til nasjonale kulturbygg