3800 unge er avhengige av pengespel

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan éin prosent av ungdomane i dag fyllar kriteria som pengespelavhengige, var tilsvarande tall 3,2 prosent i ei undersøking frå 2002.

– Nedgangen i pengespelproblem kan truleg forklarast med at gevinstautomatane forsvann frå det norske marknaden i 2007, fortel forskningsleiar Tilmann von Soest, som har leia ei undersøking gjennomført av NOVA for Lotteri- og stiftelsestilsynet. I alt har over 8300 elevar ved 89 skular over heile landet delteke i  undersøkinga om bruken av dataspel og pengespel.

Automatane forsvann
I 2002 oppgav 78,5 prosent at dei spela pengespel i løpet av eit år – i 2010 gjeld dette 64,3 prosent av norske ungdomar. Mest vanleg er skrapelodd, følgt av bordpoker, speleautomatar i utlandet og spel som Lotto, Keno, Extra, Joker og tippespel. Totalt sett er det ein relativt lita gruppe som spelar pengespel via internett.

3800 ungdomar er pengespelavhengige. I tillegg er rett kring 10.000 ungdommar i risikosona for å utvikle speleproblem.

Bortsett frå når det gjeld skrapelodd og bingo er gutar sterkt overrepresentert blant spelarane.

Mange spelar mykje dataspel
Av materialet går det òg fram at over halvparten av ungdomane i 2010 har TV-spel på rommet sitt og 81 prosent har PC på rommet. 63 prosent av jentene og 96 prosent av gutane oppgjev at dei spelaren dataspill minst éin gong i månaden. Gutar er likevel klårt overrepresentert blant dei som spelar dagleg – 41 prosent av gutane mot 6 prosent av jentene. 15-årige gutar er gruppa i utvalet som spelar aller mest.

Det er små endringar frå 2002 i delen som spelar dataspel.

3450 ungdomar er avhengige av dataspill
Undersøkinga viser òg at ein relativt stor gruppe ungdomar er storforbrukarar av dataspel. 3450 ungdommar i alderen 12-17 år er avhengige av dataspel.

– 5,2 prosent av ungdomane spelar dataspill fire timar eller meir dagleg eller neste dagleg, fortel von Soest, og storspelarar er nesten utelukkande gutar.

Dei mest populære spela blant gutar er skytespel, sportsspel, action- eller slåstespel og småspel via internett. For jentene derimot er dei mest populære spela småspel via internett og småspel på Facebook. Rollespill via internett med mange deltakarar og skytespel er dei mest populære spela blant storspelarane.

 

Kva trur du kan hjelpa folk frå å vera speleavhengige?