Unge gründerar vil gjera verda betre

Vinnaridé skal hjelpe skilsmisseborn.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over 40 masterstudenter frå BI, UiO og UMB var i førre veke på gründercamp på Handelshøgskolen BI.

Gründercampen er i regi av Ferd og Ungt Entreprenørskap og i løpet av to dagar skulle masterstudenene finne ei teneste, produkt eller eit konsept innan sosialt entreprenørskap som betre får fram det potensialet born og unge har. Gruppene måtte òg tenkja dobbel botnlinje, både økonomisk og samfunnsmessing nytte.

Mange idear
Ni grupper deltok og idéane varierte frå kafékonsepter med bruk av leiketøy, læringsverktøy for born via Facebook, til grønnsakshagar i byar for å bekjempe fedme blant born.

Vinnarane av årets Gründercamp saman ved Johan H. Andresen jr.Årets publikumspris vart presentert av jurymedlem Jørgen Randers. Han gjekk til Oslolosen, ei gruppe som ville organsisere vennskapsklasser mellom Oslo vest og øst.

Hjelpe skilsmisseborn
Vinnaren av årets Gründercamp vart People like me. Dei ville starte ein klubb for skilsmisseborn. Idéen gjekk ut på å samle skilsmisseborn til leik og aktivitetar organisert av fagpersonell.

– Dette er ein idé med internasjonalt potensiale, sa juryleiar Johan H. Andersen jr. Han vil vere til stor nytte for mange born og unge.