Talar unge si sak i FN
I helga dreg Magnus Ofstad Malnes og Elisabeth Løland til New York for å representere norsk ungdom under generalforsamlinga til FN.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Magnus Ofstad Malnes (22) og Elisabeth Løland (26) er vald ut som ungdomsdelegatar for Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), og skal vere på generalforsamlinga frå 4.-15.oktober.
– Halvparten av verdas befolkning er under 25 år, men nesten alle som har makt i verda er så gamle at dei knapt minnast korleis det var å vere ung. Difor er det viktig at unge menneske får vere med og bestemme i FN, seier Elisabeth, som er nyvald leiar i KrFU i ei pressemelding frå LNU.
Organisasjonsfridom på agendaen
Under generalforsamlinga vil ungdomsdelegatane jobbe spesielt med retten til å organisere seg for ungdom.
– Vi vil setje fokus på land som undergrev retten til å bli høyrt og organisere seg. Barn og unge må få snakke fritt utan å vere redde for trugsmål, å bli satt i fengsel eller valdelege reaksjonar, seier Magnus.
På talarstolen
Magnus er tillitsvald i European Students’ Union og tidlegare internasjonalt ansvarleg i Norsk Studentunion. Neste veke skal han halde eit innlegg om nettopp organisasjonsfridom frå talarstolen i generalforsamlinga.
– Vi vil legge press på desse landa slik at ungdom i andre delar av verda kan få oppleve meir av den fridomen og innverknaden som norsk ungdom har, seier Magnus og Elisabeth.
Innlegget og andre nyhende frå opphaldet i New York, vil kome på lnu.no dei neste to vekene. Ungdomsdelegatane er også allereie i gong med å blogge på LNUBlogg, og vil gjere det under heile opphaldet.