Fleire kommunar utan ungdomsråd

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire kommunar manglar ungdoms- råd

62 av dei 430 kommunane i landet har ikkje ungdomsråd i dag. Og enno er det 80 kommunar som ikkje har svara i undersøkinga om tilstanden til medverknadsorgana for unge. Det kjem fram i ein rapport frå Norsk institutt for by- og regionforsking.

– Når det er lovpålagt å ha eldreråd i alle kommunar, så bør det òg vera ungdomsråd, seier Jannike Hovland, ein av representantane på Ungdommens nasjonalforsamling som gjekk føre seg for vel ei veke sidan.

Påvirkar fritid, men ikkje skule og helse
– Når vi ser på kva for saksområder som born og unge har liten eller ingen innverknad på, er dette primært helsetiltak for ungdom, skule og utdanning, kampanjar retta mot born og unge, og stadsutvikling. Alle desse felta skulle ein tru at ungdom kunne involverast på, skriv Lillin Knudtzon og Trond Tjerbo ved NIBR i rapporten.

– Kommunane må bli flinkare til å bruka ungdomsråda på fleire felt, seier Thomas Wrigglesworth, rådgjevar i Barneombodet. Han meiner ungdomsråda si rolle i større grad bør formaliserast i kommunane.

Saman med Barne- og ungdomsrådet i Oslo har Barneombodet tatt initiativet til Ungdommens nasjonalforsamling. Håpet er at denne kan stimulera til at barne- og ungdomsråda blir tatt meir alvorleg.

– Stort potensiale
Dei saksområda born og unge har mest innverknad på er utforming av kulturtiltak og oppretting av fritidsklubbar. To av tre kommunar meiner barne- og ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre medfører auka interesse for lokalpolitiske saker blant born og unge, og like mange meiner organet gjer at saker blir betre førebudd før ei avgjerd skal fattast.

Berre 18 prosent av kommunane ser at dei i stor grad sørgjar for at born og unge gjev informasjon om situasjonen sin og synspunkta sine. Endå færre – 16 prosent av kommunane – meiner dei i stor grad trekkjer born og unge aktivt inn i utforming av saker og tilbod.

– Resultata indikerer at det er betydeleg potensiale for å ta i bruk verkemiddel for meir medverknad i kommunane viss det er vilje, skriv Lillin Knudtzon og Trond Tjerbo.

Manglar kommunikasjonskanalar
På informasjonssida ser det ut som kommunane har langt igjen på bruk av eigen internettside, og representantane har i all hovudsak dårlege informasjonskanalar tilbake til resten av ungdomsgruppa, understrekar forskarane.

– Lite kjennskap til organet og arbeidet i det, kan vere ei medverkande årsak til at det jamt over ser ut til å vere lita rift om å vere med i ungdomsrådet, skriv Knudtzon og Tjerbo.

Faktaboks

Å vere eit diskusjonsforum for tema knytte til born og ungdom – 65 prosent av råda
Å vere initiativtakar/forslagstillar til kommunen for tiltak knytt til born og ungdom – 59 prosent av råda
Å vere informantar eller rådgjevarar til kommunen i tilsende saker som angår born/unge – drygt halvparten
57 prosent av råda er formell høringsinstans i stor grad, og like mange er i stor grad arrangør av arrangement, kampanjar og liknande. Potensiale for meir medvirkning og innverknad!
Medan born i alderen 8 – 12 år i lita grad er inkludert i medverknadsorgana i kommunane og difor i lita grad har innverknad, meiner 76 prosent av kommunane at medverknadsorgana deira gjer at ungdom i alderen 13 – 18 år har innverknad.